Kommunestyret sitt vedtak
Handlings- og økonomiplanen er todelt.
Kommunestyret sitt vedtak kjem fram som vedtakstekst og tabellar i fremste del av dokumentet, lenke til fullstendige sakspapir finn de her:
I andre del av dokumentet ligg kommunedirektøren sitt forslag. Kommunedirektøren sitt forslag er utarbeidd med bakgrunn i regjeringa Solberg sitt forslag til statsbudsjett.
Støre regjeringa gjorde endringar som kom fram av kommuneproposisjonen 2022. Desse endringane vart arbeidd inn i formannskapet si tilråding som vart lagt ut på høyring i perioden 17.11 - 2.12.2021. Formannskapet si tilråding er ikkje tatt med i dokumentet. Høyringsdokumenta finn de her: Handlings- og økonomiplan 2022 - 2025 Giske kommune
Ved kommunestyret si handsaming er det ikkje arbeidd inn kjente endringar som kom i forliket mellom regjeringa Støre og SV, Budsjettavtalen finn de her: https://www.senterpartiet.no/aktuelt/budsjettforlik-mellom-ap-sp-og-sv-2022
Vedtak - Sak nr. 100/21 i møte 9.12.2021
1. Giske kommunestyre godkjenner økonomiplanen for 2023 – 2025 inkludert årsbudsjettet for 2022 og forpliktande plan:
- Driftsbudsjettet for 2022 vert godkjent med ei samla netto ramme på kr 510 002 379.
- Investeringsbudsjettet for 2022 vert godkjent med samla netto investeringsramme på kr 47 200 000.
- Kommunen sine skatter for 2022 skal skrivast ut etter dei høgast lovlege satsar.
2. Giske kommunestyre godkjenner at det i 2022 vert tatt opp rammelån på inntil kr 45 700 000 til investeringar og inntil kr 8 000 000 i Husbanken til vidare utlån. Giske kommunestyre vedtek at avdrag på kommunen si lånegjeld i 2022 skal innbetalast med berekna minimumsavdrag jfr. Kommunelova § 14-18.
3. Giske kommunestyre godkjenner trekkrett med ei ramme på 75 mill.kr
4. Giske kommunestyre gir:
- Giske formannskap fullmakt til å gjere endringar i investeringsbudsjettet mellom prosjekt og rammeområde innanfor den samla investeringsramma som er vedteke ovanfor.
5. Giske kommunestyre godkjenner å ta imot 10 nye flyktningar i 2022
6. Eigedomsskatt: I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2022:
1. Faste eigedomar i heile kommunen
2. Verk og bruk: Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget redusert med ein sjuandedel i 2020 (overgangsregel til §§ 3 og 4 første ledd første pkt).
3. Eigedomsskattesatsen er 4‰. Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar
4. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt skal kommunen nytte skattevedtekter for Giske kommune som blir utarbeidd av den valde skattetakstnemnda.
5. Prinsipp og retningslinjer for taksering og framlegg til typar bygningar som skal fritakast av eigedomsskatt i Giske kommune går fram av reglar som er utarbeidd av den valde sakkunnige nemnda
Kommunestyret sitt vedtak - Bevillingsoversikt drift A
Kommunestyret sitt vedtak - Bevillingsoversikt drift B
Kommunestyret sitt vedtak - Økonomisk oversikt drift
Kommunestyret sitt vedtak - Bevillingsoversikt Investering A
Kommunestyret sitt vedtak - Bevillingsoversikt Investering B
Bruk av lån
Kommunestyret sitt vedtak | Budsjett 2021 | Budsjett 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 |
---|---|---|---|---|---|
FORMIDLINGSLÅN | -8 000 000 | -8 000 000 | -8 000 000 | -8 000 000 | -8 000 000 |
BRUK AV LÅN eks husbank | -25 520 000 | -45 700 000 | -64 600 000 | -61 310 000 | -80 810 000 |
samla bruk av lånemidler | -33 520 000 | -53 700 000 | -72 600 000 | -69 310 000 | -88 810 000 |
Nye lån til VAR | 25 000 000 | 36 580 000 | 45 970 000 | 42 890 000 | 50 100 000 |
Lån til investeringar ut over VAR | -520 000 | -9 120 000 | -18 630 000 | -18 420 000 | -30 710 000 |