3.4 Prioritert oppfølging av vedtekne planar
Giske kommune har, som alle andre kommunar, vedtekne planar som legg føringar for kva kommunen skal ha fokus på, og kva det skal arbeidast med. Kommuneplanen sin samfunnsdel legg føring for samfunnsutviklinga. Kommuneplanen sin arealdel blei vedteken i 2018 og legg føringar for arealbruken. Alle planane våre finn du i Planstrategien .
Hovudmål 1: Giske kommune skal vere ein god plass å bu
Plan/Vedtak | Mål | Forventa resultat | Når | Økonomisk ramme |
---|---|---|---|---|
Kommuneplan- samfunnsdel | Tilrettelegge for bustadutvikling | Reguleringsplanar blir behandla innan frist | I planperioden | Innanfor budsjett |
Byggesaker vert behandla innan frist | Fortløpande | innafor budsjett | ||
Utvikle infrastruktur i tråd med bustadutviklinga | Kommunal utbygging | Ikkje prioirtert i denne planperioden på grunn av den økonomiske situasjonen | Krev investering | |
Privat utbygging gjennom bruk av utbyggingsavtale med kommunen | I planperioden | Auka kostnadar til drift og vedlikehald etter utbygging | ||
Rullering samfunnsdel | Oppdatere samfunnsplanen for neste planperiode. | Fullføre rullering av samfunnsdel før sommarferien 2022 | 2022 | Innanfor budsjett |
Rullering arealdel | Oppdatere arealdelen for neste planperiode. | Vurdere rullering av arealdelen i 2022-23. | 2022-23 | Innanfor budsjett |
Hovudmål 2: Giske kommune skal ha gode levekår
Plan/Vedtak | Mål | Forventa resultat | Når | Økonomisk ramme |
---|---|---|---|---|
Kommuneplan | Definere kva tenester kommunen skal tilby og nivået på desse | Reduserte kostnadar | 2022 | Innanfor budsjett |
Avklart tenestenivå | 2022 | Innanfor budsjett | ||
Avklart ansvarsdeling mellom kommunen og innbyggarane, blant annet gjennom å arbeide med serviceerklæringar og med basis i "kommune 3.0-tankegang" | 2022 | Innanfor budsjett | ||
Innføre ny struktur innafor oppvekstområdet | Likeverdige tenester for alle brukarar, reduserte kostnadar | 2022 | Med eigne ressursar innanfor budsjett | |
Utvikle omsorgstenester i tråd med samfunnsutviklinga i samspel med brukarane, pårørande og innbyggarane | Tilpassa tenestetilbod til rett kvalitet til den enkelte brukar, reduserte kostnadar | Med eigne ressursar innanfor budsjett | ||
Hovudmål 3: Giske kommune skal vere ein god næringskommune
Hovudmål 4: Giske kommune skal ha eit rikt kulturliv
Plan/Vedtak | Mål | Forventet resultat | Når | Økonomisk ramme |
---|---|---|---|---|
Kommuneplan | Legge til rette for ein berekraftig frivillig sektor som kan samspele med profesjonelle og kommunen | Årleg 2020-23 | Innanfor budsjett | |
Bidra til at ungdommen finn sin plass i kommunen ved at dei får delta i og vere med på ulike aktivitetar og fritidstilbod | Arrangere UKM | Årleg 2020-23 | Innanfor budsjett | |
Sikre og merke turstiar frå fjell til fjøre, samt ta vare på kulturminne og kulturmiljø | 2023 | Innanfor budsjett | ||