1.2 Kvalitet og internkontroll
Giske kommune har valt Compilo som kommunen sitt heilskaplege kvalitet- og internkontrollsystem. Arbeidet med opplæring og implementering av systemet hos alle tilsette i alle einingar vil halde fram i heile økonomiplanperioden. Arbeidet i 2022 vil vere knytt til:
- auke graden av melding av avvik og forbetringsforslag frå alle tilsette
- å få på plass prosedyrar, skjema, planar og andre dokument i Compilo
- gjennomføre jamnlege risikovurderingar og utarbeide handlingsplanar for å setje inn tiltak for å redusere risiko
- utarbeiding og revisjon av serviceerklæringer
- utarbeiding av kvalitetshandbok
- utarbeiding av personvernhandbok
- internkontroll skal inngå som del av arbeid med verksemdsplanar og rapportering
Eit viktig bidrag i å justere kursen, og ha fokus på det viktigaste først, er å arbeide ut ifrå dei tilsyna og revisjonar andre gjer av oss. Både Fylkesmannen og Møre og Romsdal revisjon SA er viktige bidragsytarar i så måte. Fylkesmannen sin samordna tilsynskalender viser dei tilsyna som er planlagde i Giske kommune det kommande året.