2.1 Ytre vilkår for den kommunale økonomien
Statlege rammeoverføringar og skatteinntekter (frie inntekter) er den viktigaste inntektskjelda til kommunane. For Giske kommune utgjer desse overføringane i 2022 kr 528 631 000.
Samla overføring inneber ein auke på kr 23 295 000 eller 4,6 %.
I budsjettrammene til kommunane er veksten i frie inntekter begrunna med
- Fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga.
- Tiltak for barn og unge si psykiske helse, herunder lavterskeltilbod
- Løyvingar til finansiering av stillinger i barnevernet
- Kompetansekrav i barnevernet
- Pensjon i private barnehager - redusert tilskott og skjermingsordning
- Kapitaltiskott i private barnehager - redusert tilskot og skjermingsordning redusert med 2 prosent frå 13 til 11 prosent
- Ekstra naturfag time i grunnskulen - frå skuleåret 2022/2023
- Tidlegare øyremerka tilskot til lærernorm/tidleg innsats er lagt inn i rammetilskotet
- Auke i utgifter til sosialhjelp som følge av redusert dagsats for tiltakspenger
- Rusreforma - opprettelse av rådgivande einingar i den kommunale helse- og omsorgstenesten
- Auke i basistilskott til fastleger
- E-helseløysningar
- Barnekoordinator - lovfesta rett til barnekoordinator frå 1.8.2022
Heilårseffekter innarbeidd i 2022 budsjettet
- Inntektsgradert foreldrebetaling i SFO for 3. og 4. trinn
- Basistilskott fastleger vart auka med verknad frå 1. juli 2021
Løyvingar frå 2021 til dekning av kommunane sine meirutgifter til Covid-19-pandemien er ikkje vidareført.
Normalt blir ikkje-statlege tiltak som kommunane skal iverksetje finansierte fullt ut. Dette gir ein effektiviseringsgevinst i kommunal sektor som ikkje er rekna på.
Utviklinga i rentenivået påverkar også den kommunale økonomien i sterk grad. Tilsvarande gjeld resultat av lønsoppgjer og kommunen sine pensjonskostnader, samt reglar for føring av premieavvik og amortisering av premieavvik.
Kommunen har plasseringar av kapital i aksjar og obligasjonar, og endringar i aksjemarknad og avkastning av obligasjonar påverkar den kommunale økonomien. Ustabilitet i aksjemarknaden ser ein effekt av. Om kommunen berre skal overvake situasjonen eller sette i verk moglege tiltak, vil bli drøfta i formannskapet.
Generelt ser ein ei innstramming i overføringane som gjer den økonomiske situasjonen svært krevjande.