3 Fellesutgifter - fellesinntekter
På dette området blir det ført inntekter og utgifter som er felles for heile kommunen sin organisasjon, og som ikkje kan knytast opp mot einskilde einingar eller stab
2. Kjerneverksemd
Teneste 1212 og 1215
Her blir det ført løn til frikjøpte tillitsvalde og hovudverneombod, bedriftshelseteneste, velferdsordningar og kursutgifter på tvers av einingane.
Teneste 1240
Under teneste 1240 diverse fellesfunksjonar er det budsjettert med felles utgifter som:
- Felles kontormateriell på rådhuset
- Bevertning til møte og kurs
- Utgifter til porto, telefon og datakommunikasjon
- Kommunen si ansvarsforsikring
- Lisensar og serviceavtaler for felles IT-program og utstyr
- Utgifter til leige av kopimaskiner
- Serviceavtalear for anna teknisk utstyr som felles kopimaskiner m.v.
- Kontingent til Kommunenes Sentralforbund KS
- Overføringar til Sunnmøre Regionråd
- Avskrivningar på felles IT-program og utstyr
Teneste 1700 - 1730
Premieavvik og amortisering av premieavvik frå KLP og SPK er budsjettert på ansvar 1300.
Premieavviket er forskjellen mellom innbetalt premie og berekna pensjonskostnad.
Premieavviket er budsjettert med bakgrunn i tal frå Kommunal Landspensjonskasse og Statens Pensjonskasse og avstemt mot samla pensjonskostnad. Premieavviket blir anslått til kr 4 100 000, inkludert arbeidsgiveravgift. Dette er tal som skal budsjetterast som inntekt.
Tilsvarande er amortisert premieavvik berekna til kr 5 843 000
Sidan det er forskjell mellom premieinnbetaling og berekna pensjonskostnad, vil effekten for Giske kommune bli at likviditeten også i 2022 blir forverra.
Giske kommune sitt akkumulerte premieavvik inkl. arbeidsgjevaravgift var ifølge kommunen sin balanserekneskap pr. 31.12.2020 på 25,7 mill. kr og kan ved utgangen av 2022 kome opp i 29 mill. kr.
Dette premieavviket skal utgiftsførast i rekneskapen i løpet av 15 år, for premieavvik oppstått før 2011 og over 10 år for premieavvik oppstått i perioden 2011 – 2014, og 7 år for premieavvik oppstått frå 2015. Dette betrar såleis budsjettbalansen i høve til om kommunen ikkje fordelte dette over dei 7 åra.
Giske kommune har lagt pensjonen ut på anbod. Det er lagt inn ei forventa innsparing på kr 3 732 000. Dette er fordelt med kr 2 282 00 i ramme 3 som bruk av premiefond, resten kr 1 450 000 er lagt på overordna ansvar med redusert overføring til kapitalrekneskapen.
Tenestene 2110, 2120, 2343 og 2540
Løn til lærlingar er ført her. Giske kommune har totalt 7 lærlingar: 4 helsefagarbeidarar, 2 barne- og ungdomsarbeidarar og 1 kokk. Vi har avtale med Sunnmøre kommunale opplæringskontor om administrasjon av lærlingordninga, og vi får kr. 20 000,- i tilskot per lærling frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Lærlingar frå Giske kommune har i fleire år delteke i opplæringskontoret si rekrutteringspatrulje der målet er å rekruttere ungdomskuleelevar til fagarbeidarutdanning.