7 Pleie og omsorg

Ramme 7 omfattar einingane Valderøy omsorgsdistrikt, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt og eining Meistring og psykisk helse.

Einingane yter tenester heimla i helse- og omsorgstenestelova.

Teneste 7 Pleie, omsorg og sosial - Kommunedirektøren sitt forslag Regnskap 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025
alle tal i heile 1 000
1260 SAKSBEHANDLING - FELLES 0 - - - - -
2130 VAKSENOPPLÆRING -1 - - - - -
2330 FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL 480 - - - - -
2340 AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA 3 269 3 169 3 688 3 688 3 688 3 688
2342 FRIVILLIGHETSSENTRAL - - - - - -
2343 KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) 1 526 1 901 1 605 1 605 1 605 1 605
2344 KAFEDRIFT - - - - - -
2412 PSYKISK HELSEVERN 2 411 2 739 2 700 2 700 2 700 2 700
2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING - - - - - -
2421 FLYKTNINGKONTOR 1 - - - - -
2430 TILBOD TIL PERSONAR MED RUSPROBLEM 1 391 1 436 1 581 1 581 1 581 1 581
2440 BARNEVERNTENESTE - - - - - -
2530 PLEIE, OMSORG, HJELP I INSTITUSJON 8 420 8 836 9 484 9 484 9 484 9 484
2531 INSTITUSJONSKJØKKEN 329 399 402 402 402 402
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 61 529 49 089 47 329 47 329 47 329 47 329
2541 BUFELLESSKAP PSYKIATRI VALDERØY 8 133 8 081 10 772 12 752 12 752 12 752
2543 AVLASTNING 13 749 17 519 17 842 17 842 17 842 17 842
2544 BRUKERSTYRT PERSONLEG ASSISTENT 5 007 4 961 7 202 7 202 7 202 7 202
2545 RESET BUFELLESSKAP - DRIFT 1 9 319 9 825 9 825 9 825 9 825
2546 GISKE OMSORGSSENTER 24 869 26 108 26 563 26 563 26 563 26 563
2547 Godøy Bukollektiv - 7 980 8 253 8 253 8 253 8 253
2548 BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA 24 387 23 171 27 449 27 449 27 449 27 449
2549 KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI 1 326 1 106 1 179 1 179 1 179 1 179
2650 OMSORGSBUSTADAR 12 - - - - -
Sum ramme 7 Pleie, omsorg og sosial 156 840 165 813 175 873 177 853 177 853 177 853

Giske kommune har tre omsorgssenter. Giske omsorgssenter (37 heildøgnsplassar) , Vigra omsorgssenter (21 heildøgnsplassar) og Godøy og Alnes bukollektiv (12 heildøgnsplassar). Alle driv bukollektiv-drift med unntak av 8 institusjonsplassar ved Vigra omsorgssenter. Den største tenesta vår er heimebasert teneste som blir gitt både i bukollektiv og i heim til brukar. Vi har eige storkjøkken som leverer gode og effektive tenester både til omsorgssenter, til eigen heim, møtemat og liknande. Giske kommune har bufellesskap til menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus (Løkevegen, 10 heildøgnsplassar), og bufellesskap til mennesker med nedsett funksjonsevne, (Gudmundvegen, Skomakarvegen, Reset, med til saman 15 heildøgnsplassar) og dagtilbod (Kingelveven) til mennesker med nedsett funksjonsevne. Vi har dagtilbod ved Giske omsorgssenter og dagtilbod for demente ved Vigra omsorgssenter.

Helse- og omsorg har omorganisert tenestene etter kvart ein har sett det nødvendig. Den siste store omorganiseringa var i 2018 der vi mellom anna samla rus-tenesta og psykisk helse i same eining. Denne endringa er viktig og nødvendig for rett utvikling, koordinering og samhandling, og for å møte veksten og utfordringane innan området. Velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering er satsingsområder innan omsorg, og vi har arbeidd med dette sidan 2015. Dette er ei nødvendig omlegging i tenestene for å møte framtida sine utfordringar. Velferdsteknologi gir meir effektiv bruk av ressursane, gir betre tenester til eldre som bur heime, brukarar ved omsorgssenter, brukarar innan rus og psykisk helse og personar med nedsett funksjonsevne. Giske kommune deltek i Nasjonalt velferdsteknologiprogram . Frå 2020 vart det krav til kommunane at velferdsteknologi er integrert i helse- og omsorgstenestene.

Tenestene er opptatt av utvikling, kvalitetsforbetring, best ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid. Tenestene har hatt ei markant auke i tal brukarar dei siste fem åra (sjå tabell under). Dette er ei utvikling som vil halde fram. Vi må jobbe smartare, endre arbeidsmåtar, justere struktur, nytte ressursane effektivt og vidareutvikle digitale og teknologiske verktøy. Det er ei auka forventning hjå innbyggjarane til kommunal tenesteyting. Dette, i lag med vekst innan pleie og omsorg, vil gjere det ekstra utfordrande i tida framover.

Årsak til auka frå budsjett 2021 til 2022 med kr 10 mill, skuldast auke i Brukarstyrt personleg assistent (BPA) med om lag 2,2 mill, redusert inntekt innan ressurskrevjande tenester med om lag 4,3 mill og auka behov hjå eksisterande brukarar og nye brukarar med ressurskrevande tenester med kr 5,2 mill. Reduksjonen i inntekter ligg til at nokre brukarar fell utanfor refusjonsgrunnlaget og vi har ressurskrevjande brukar som fyller 67 år. Det er lagt inn ei auke i budsjett til utskrivingsklare brukarar hjå helseføretaket, då vi dei siste tre åra har hatt meirforbruk innan området. Det er lagt inn løns- og prisvekst.

Refusjon ressurskrevjande tenester er i 2022 budsjettert til kr 29,5 millionar for 23 brukarar. I forslag til statsbudsjett for 2021 er refusjonsgrensa auka med kr 50 000 meir enn lønnsauke. Denne auken har kommunen ikkje budsjettert med da det er usikkert om det blir vedtatt i Stortinget. Om det blir vedtatt vil dette redusere budsjettert refusjon for 2022 med kr 1,1 million og 3 brukarar vil ikkje lenger være omfatta av refusjonsordninga.

Tabell under viser at Giske kommune sitt utgiftsbehov innan pleie og omsorg knytt til demografi, vil auke med 30 % dei neste 8 åra. Dette skjer om vi ikkje set i verk tiltak. Frå 2020 til 2040 vil behov for pleie- og omsorgstenester auke med 90 %. (KS)


Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050, kan vise seg å vere heilt avgjerdande for å møte veksten og utviklinga innan helse og omsorg. Mål om vedtak i saka i første kvartal 2022. Denne skal vidare inngå i arbeidet med samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen.

Driftstiltak 2022, innan ramme 7:

  • Leanprosessar og nye turnusar, kutt kr 2 mill
  • Tilpassing til ramme, effektivisering, kutt kr 3,6 mill.

Moglegheits- og fokusområder

  • Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050. Mål om vedtak i kommunestyre våren 2022.
  • Fokus på tidleg innsats, lavterskeltilbod, der vi effektiv når mange. Unngå eller utsette behov for omsorgstenester
  • Samarbeid på tvers, mellom tenester og einingar
  • Auke bruk av velferdsteknologi, sjølvhjelpsverkty, digitale løysingar
  • Auke bruk av kvardagsrehabilitering
  • Leve heile livet, aktivitet og fellesskap.
  • Kommune 3.0. Styrke samarbeid med frivillegsentralen og NAV.
  • Vidareutvikle dagtilboda
  • Omstilling av heimebaserte tenester
  • Prosjekt VINN-VINN, fokus på sjukefråvær, rekruttering, kompetanse, arbeidsmiljø, heiltidskultur, turnus.
  • Spisse oppgåvene til dei ulike yrkesgruppene. Service-vertar, aktivitetsvertar, assistentar
  • Fortsetje å søkje tilskot/midlar til utviklingsarbeid og styrking av tenestene

7.2 Utfordringsbilde

  • Den økonomiske situasjonen gjer det vanskeleg å yte lovpålagde tenester. Nivået på tenestene vert kontinuerleg vurdert.
  • Lav grunnbemanning i tenestene gjer at vi står i fare for å ikkje klare å levere nødvendig helsehjelp. Auka sjukefråvær og vanskeleg å rekruttere til stillingane er konsekvensar vi ser i dag.
  • Det er ei auke i tal barn og unge med særlege behov. Det er kartlagt om lag 50 barn med ulike utfordringar som vil trenge bu- og tenestetilbod innan ei viss tid. Rapport Det er vanskeleg å planlegge då vi ikkje veit kor tid hjelpebehovet slår inn.
  • Risikoen for nye brukarstyret personleg assistent-brukarar, auka behov for avlastning og tenester til menneske med nedsett funksjonsevne er stor. Behovet er svært lite føreseieleg og vanskeleg å planlegge for, då brukarane kan kome på kort varsel og kan ha behov for store ressursar. Innan omsorg er dette den største økonomiske risikoen. Frå rekneskap 2019 til budsjett 2021 er det ei auke med kr 25 518 000.
  • Auke i tal demente. I snitt er det registrert 53 nye brukarar i året sidan 2016. Rapport Det nye dagtilbodet for demente ved Vigra omsorgssenter, etablert september 2019, er eit viktig tiltak for å møte veksten. Dette vart også ei lovpålagd teneste frå 2020.
  • Tal på brukarar innan helse- og omsorgstenestene har auka med 446 i perioden 2014 til 2020. Det er nærmast ei dobling av tal brukarar.
  • Vi må ta i mot utskrivingsklare brukarar ved helseføretaket. Både 2019 og 2020 vart det meirforbruk på om lag kr 400 000. Per sep 2021 har vi eit meirforbruk på kr 200 000. Grunna auka behov i befolkninga for heildøgnsplassar, ventar vi at utfordringa vil halde fram.
  • Oppgåveoverføringar frå helseføretaket gjer at brukarane kjem tidlegare heim og er dårlegare enn før. Vi må i større grad yte spesialiserte tenester innan somatikk, psykiatri og rus.
  • Rekruttering av helsepersonell, særleg sjukepleiarar og vernepleiarar, og rekruttering av gode leiarar er spesielt utfordrande.
  • Velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering, implementere og ta desse i bruk.
  • Auka press på avlastningstenesta og korttid- og langtidsplassar.
  • Auka behov for fleire heildøgnsplassar, bu-og tenestetilbod til menneske med nedsett funksjonsevne og barn og unge med særlege behov.
  • Stor auke i tal på brukarar innan psykisk helse og rus-tenesta, Vi ser verknadar av pandemien. Grunna lav bemanning er det stor risiko for at vi ikkje klarer å yte lovpålagte oppgåver.

7.3 Tenesteområder, tal brukarar

7.3 Tenesteområder, tal brukarar
Tenesteområder Tal brukarar 2019 Tal brukarar 2020 Tal brukarar per 27.10.2021
Storkjøkkenet 182 192 178
Heimesjukepleie 307 321 300
Brukarstyrt personleg assistent 8 9 10
Aktivisering av eldre og funksjonshemma, dagtilbod 70 59 51
Praktisk bistand 211 215 187
Bukollektiv korttid/langtid 98 134 105
Rehabilitering 44 35 36
Psykisk helse- og rusteneste 259 263 230
Vaksenopplæring
Kingelveven 13 13
Løkevegen bufellesskap 13 13 12
Avlastning barn 13 15 12
Støttekontakt 63 60 58
Bufellesskap for fuksjonshemma 14 15 15
Institusjon 11 13 11
Avlastning eldre 5 4 1
Psykisk helse barn/unge 103 73 59

7.4 Oversikt tal brukarar i perioden 2011-2020

7.4 Oversikt tal brukarar i perioden 2011-2020
2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 Per 25.10.2021
Brukarar med tenester 462 448 466 500 510 531 734 878 946 951 855
Tal tenester 1 690 1 760 1 923 2 185 2 185 2 506 2 820 3 199 3 626 3 675 3 271
Tal e-meldingar 0 0 2 283 9 201 14 186 14 374 16 605 16 585 18 346 17 100
E-meldingar er kommunikasjonsplattforma mellom helseføretaket, kommunen og fastlegane.

Timetal tenester tildelt

Timetal tenester tildelt
Teneste Per 25.10.19 per 25.10.20 Per 25.10.21
Brukarstyrt personleg assistanse, tal brukarar 8 7 10
Brukarstyrt personleg assistanse, timetal per veke 247 timar 224,56 timar 359,56 timar
Praktisk bistand/opplæring, tal brukarar 136 138 118
Praktisk bistand/opplæring, timetal per veke 2 767,52 timar 2 829,40 timar 2 626,47 timar
Heimesjukepleie, tal brukarar 205 195 200
Heimesjukepleie, timetal per veke 2 402,4 timar 2 138,08 timar 2 114,26 timar

7.5.1 Oversikt tal årsverk pleie og omsorg, ramme 7

7.5.1 Oversikt tal årsverk pleie og omsorg, ramme 7
Teneste 2019 2020 2021
Valderøy omsorgsdistrikt 56,5 57,75 68,67
Vigra, Giske om Godøy omsorgsdistrikt 67,07 67,07 55,86
Meistring og Psykisk helse 70,4 67,4 69,95
Totalt årsverk 193,97 192,22 192,48

KOSTRA, Helse og omsorg, 2020

KOSTRA, Helse og omsorg, 2020
Nøkkeltal Enhet Giske 2020 Kostragruppe 01 Landet utan Oslo Møre og Romsdal
Utgifter kommunale helse- og omsorgstenester per innbyggjar kr 27 045 30 475 29 271 33 236
Årsverk helse- og omsorg per 10 000 innbyggjar Årsverk 266,1 333,7 315,4 362,3
Netto driftsutgifter til omsorgstenester i prosent av kommunens samla netto driftsutgifter Prosent 31,1 33,8 32,1 36,1
Andel brukarretta årsverk i omsorgstenesta med helseutdanning Prosent 83,4 78,9 78 77,5
Årsverk per brukar av omsorgsteneste Årsverk 0,78 0,51 0,58 0,57
Andel innbyggjarar 80 år og over som brukar heimeteneste Prosent 34,7 32,6 29,2 33,1
Andel brukarar av heimeteneste 0-66 år Prosent 32,5 49,9 48,4 47,9
Andel innbyggjarar 80 år og over som er beboar på sjukeheim Prosent 1,4 10,4 11,2 11,8
Andel brukartilpassa einerom med eige bad/wc Prosent 100 94,2 91,8 92,2
Utgifter per oppholdsdøgn i institusjon Kr 3 770 4 074 4 033 3 979
Legetimar per veke per bebuar i sjukeheim Timar 0,47 0,55 0,57 0,51
Andel innbyggjarar 67-79 år med dagaktivitetstilbod Prosent 1,58 0,84 0,64 0,85

7.6 Styringskort og styringsindikatorar

7.6 Styringskort og styringsindikatorar
Fokusområde Mål Måleindikator Resultatmål 2021 Resultatmål 2022
Brukarar Utvikle dagtilboda både ved Giske omsorgssenter, Vigra omsorgssenter og Kingelveven, Vidarføring og utvikling tilbodet Auke tal brukarar innan denne tenesta. Tilbodet skal utviklast til å treffe fleire brukargrupper. Samspel med andre tenester
Sikre framtidig bu- og tenestetilbod til barn og unge med særlege utfordringar Tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Setje i verk tiltak som reduserer venta kostnader innan denne brukargruppa. Bygge opp intern kompetanse. Strategi bu-tenestetilbod helse og omsorg 2050. Vedtak i kommunestyret våren 2022. Tverrfagleg samarbeid. Setje i verk tiltak som reduserer venta kostnader innan brukargruppa. Bygge intern kompetanse. Vurdere tilrådingane i rapporten: Bu- og tenestetilbod barn og unge med særlege behov.
I møtekome vekst tal brukarar innan psykisk helse og rustenesta. Auke kompetanse og bruk av velferdsteknologi Venteliste Nyttegjere digitale verktøy i større utstrekning. Samarbeid både internt og eksternt Nyttegjere digitale verkty som rask psykisk helsehjelp. Søke midlar hjå Statsforvaltar og Helsedirektoratet. Effektivisere tenestene. Ambulant verksemd. Auka samarbeid mellom bufellesskap og psykisk helse og rustenesta.
I møtekome veksten innan omsorg, tal brukarar og tal tenester innan tildelt budsjett Venteliste heildøgsplassar, kostnader utskrivingsklare brukarar ved helseføretaket. Tal brukarar og tal tildelt tenester. Setje iverk tiltak. Tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Vurdere bu- og tenestetilbod Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050. I verksette tiltak knytt til dette arbeidet. Prioritere tiltak. Styrke samarbeid mellom einingane. Effektiviseringstiltak.
Medarbeidarar Sjukefråvær 7 % Sjukefråværs-statistikk. Jobbe kontinuerleg med nærværstiltak. Arbeid med NED-med sjukefråvær 7 % 7%
Gjennomføre kompetansehevings-prosjekt: ABC Demens og Pro-Act. Elles auke kompetanse på dei områda som treng særleg fokus. Gjennomført kurs og opplæring Fortsetje arbeidet Fortsetje arbeidet
Vi klarer å rekruttere nødvendig kompetanse, som sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Vi klarer å rekruttere gode leiarar. Oversikt stillingar og funksjonar Felles prosjekt innan omsorg som skal arbeide med rekruttering, behalde, turnus, ufrivilleg deltid, arbeidsmiljø og sjukefråvær. Styringsgruppe og nødvendige arbeidsgrupper. Tiltak knytt til dei ulike områda er sett i verk. Fortsetje felles prosjekt VINN-VINN, innan omsorg som skal arbeide med rekruttering, behalde, turnus, ufrivilleg deltid, arbeidsmiljø og sjukefråvær. Styringsgruppe og nødvendige arbeidsgrupper. Tiltak knytt til dei ulike områda er sett i verk.
Redusere ufrivilleg deltid. Heiltidskultur Kartlegge ufrivilleg deltid. oversikt over personar som har fått auka stilling. Fortsetje arbeidet. Sjå punkt over. Fortsetje arbeidet, Fokus. Haldningsarbeid i einingane.
Ta i bruk dei velferdsteknologiske verktøya fullt ut. Gi tilsette nøvendig kompetanse innan området. Implementere velferdsteknologi i tenestene. Dei digitale og teknologiske verktøya vi har skaffa oss vert nytta fullt ut. Vi kan vise til gevinstrealisering. Dei digitale og teknologiske verktøya vi har skaffa oss vert nytta fullt ut. Vi kan vise til gevinstrealisering. Fortsetje samarbeidet i fellesprosjekt med Sula, Sykkylven, Stranda og Fjord. Justere retninga etter kvart det er behov.
Økonomi
Kostnad for inneliggande pasientar i Helseføretaket skal ikkje overstige budsjett. Rekneskap, månadleg rapportering Ved tiltak lagt i økonomiplan 2021, held vi budsjettet i høve inneliggande pasientar ved Helseføretaket. Halde kostnadane nede så langt det er mogleg. Budsjett er auka i 2022, meir realistisk i høve den faktiske situasjonen. Krev samarbeid mellom tenester og tildelingskontor.
God økonomistyring Avvik i % av vedtatt netto driftsramme. Månadleg rapportering ≤ 0 ≤ 0