1.1 Kommune- og økonomiplan
Økonomiplanen er handlingsdelen til kommuneplanen og skal syne korleis kommunestyret prioriterer dei økonomiske ressursane for å nå måla som er nedfelte i kommuneplanen. Gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen har kommunestyret tatt stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for samfunnet som heilskap og for kommunen som organisasjon. Det er valt fire satsingsområde for perioden 2014 – 2026:
Giske kommune skal:
- Vere ein god plass å bu
- Ha gode levekår
- Vere ein god næringskommune
- Ha eit rikt kulturliv