5 Oppvekst

Rammeområde 5 Oppvekst

Rammeområde 5 oppvekst omfattar barnehage, grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring. Barnehagane og skulane i Giske kommune arbeider målretta og langsiktig med å utvikle varige betre praksisar. Det er fokus på inkluderande praksis der barnet kan erfare «Det var bra eg kom!». Barnet skal være i sentrum, læring og utvikling skal være sosial og ha fokus på samarbeid. Barnet sin motivasjon/emosjonar er vektlagd og forkunnskap og individuelle forskjellar vil være ein ressurs. I oppvekst Giske skal barnet bli utfordra utan å verte overbelasta. Vurdering blir brukt som læringsmål og framovermelding. Barnet skal erfare samanheng på tvers av fag/aktivitet/grupper i og utanfor barnehagen og skulen.

Tenestene i oppvekst skal utviklast i samhandling med dei andre tenesteområda i kommunen og i tråd med sentrale og lokale styringssignal. Det er to kommunale barnehagar og fem grunnskular som alle er sjølvstendige resultateiningar. Det er skulefritidsordning – SFO – ved alle barneskulane. Det er etablert ein felles ungdomsskule. Oppvekst har også ansvar for finansiering og oppfølging av seks private barnehagar. Spesialpedagogisk team er organisert i stab og har ansvaret for fagleg utviklingsstøtte til barn med spesialpedagoogiske vedtak i barnehagealder. Teamet bidrar også til kompetanseutviklinga for barnehageområdet. Det er søkt og innvilga OU-midlar til leiarutvikling for oppvekstsektoren.

5.1 Økonomi

5.1 Økonomi
Teneste 5 Oppvekst - kommunedirektøren sitt forslag Regnskap 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025
Alle tal i heile 1 000
2110 FØRSKULE OG PRIVATE BARNEHAGAR 85 467 81 942 80 142 80 142 80 142 80 142
2111 STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN 8 829 9 514 9 941 9 941 9 941 9 941
2120 GRUNNSKOLE 107 357 108 325 112 686 112 736 112 736 112 802
2121 PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE 687 1 053 1 045 1 045 1 045 1 045
2130 VAKSENOPPLÆRING 2 143 3 721 3 721 3 721 3 721 3 721
2150 SKOLEFRITIDSTILBOD 2 696 2 313 1 510 1 510 1 510 1 510
2220 SKOLELOKALER 1 0 0 0 0 0
2230 SKOLESKYSS 1 607 1 967 1 657 1 657 1 657 1 657
2423 MOT - PROSJEKTET 0 0 290 290 290 290
3830 KULTURSKULE 0 1 712 413 413 413 413
Sum ramme 5 oppvekst 208 786 210 548 211 405 211 455 211 455 211 521

5.2 Utfordringsbilete

  • Korleis kan vi levere tenester i tråd med lærarnorm, lov og forskrift ?
  • Korleisen god tidleg innsats gjennom m.a «På sporet» og BU-modellen?
  • Korleis i Fagfornyinga som fordrar samla innsats rundt det pedagogiske utviklingsarbeidet i skulane?
  • Korleis løyse butikk og tunge prosjekt med reduserte saksbehandlingskapasitet i stab? Real ny skulestruktur, fagfornyinga, kompetanseløft og oppvekstreform, handlingsplan mot mobbing og felles system og struktur i heile sektoren.
  • Korleis sikre kompetansehevinga for tilsette i SFO?
  • Ny kommunalsjef og pedagogiske rettleiarar for barnehage og skule, nye styrarar og rektorar i dei fleste einingane.
  • Arbeid med rett kapasitet i barnehageområdet.
  • Fokus på leiarutvikling og tillit
  • Sikre gode overgangar mellom barnehage og skule, og god samhandling mellom tenesteområda.
  • Tilpassing innafor det ordinære tilbodet skal ha fokus i barnehage og skule.
  • Arbeide for å hente ut auka læringsvisi.
  • Vidareføre arbeidet med TALK-prosjektet, sosial læreplanar for menneske med høgtfungerande autismespekterforstyrring i samarbeid med helse og omsorgssektoren.

5.3 Tenesteområde

5.3 Tenesteområde
Kjerneverksemd Tal brukarar 2020 Tal brukarar 2021 Årsverk 2020 Årsverk 2021
2 komm. bhg 125 114 24.8
6 priv. bhg 452 432 - -
Spesped bhg ** 19 25 5,7 5,5
Norsk og samf. for innvandrarar *** 14 8 - -
Grunnskule vaksne 7 2 - -
Administrasjon oppvekst - - 3 3
* GSI (Grunnskolens Informasjonssystem)
** BASIL (Barnehagens Statistikk og Innrapporteringsløsning)
*** Giske kommune kjøper tenesta frå Ressurssenteret på Hareid, og har difor ikkje eigne tilsette.

Demografimodellen viser at utgiftsbehovet for barnehage blir kraftig redusert i åra framover.

Elevtal

Elevtal
Skule 1. kl. 2. kl. 3. kl. 4. kl. 5. kl. 6. kl. 7. kl. Sum 1.-7. klasse 8. kl. 9. kl. 10. kl Sum 8.-10. klasse
Giske skule 15 18 12 13 11 9 10 88 88
Godøy skule 19 21 17 24 13 17 18 129 129
Valderøy barneskule 61 66 59 57 56 67 67 433 433
Giske ungdomsskule 110 150 110 370 370
Vigra skule 29 28 26 25 22 26 33 189 189
I alt 132 114 123 101 112 129 110 821 147 107 124 378 1209
Tal henta frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) https://gsi.udir.no

Demografimodellen frå KS viser at utgiftsbehovet for grunnskule vil auke kraftig fram mot 2023 og vere høgare enn 2020 nivået fram til 2030.

Ramme 5 Årsverk

Ramme 5 Årsverk
2020-21 2021-22
Rektor/avdelingsleiar * 8,9 9,8
Undervisningspersonale ** 102,3 107,3
Assistent/anna elevretta arbeid *** 22,9 30,6
Kontor 2,5 1,6
Kjelde: Data rapportert i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem (https://gsi.udir.no) 1. oktober 2021.

*Fleire avdelingsleiarstillingar sto i vakanse gjennom skuleåret 2020/2021

**Nye brukarar med behov for ekstra støtte

***Nye brukarar med behov for oppfølging 1:1

5.4 Barnehage

Tenesteområde 2110 Førskule og private barnehagar

Nesten 8 av 10 barn i Giske kommune går i private barnehagar. Alle barnehagar er kommunalt ansvar. Tilskot til private er basert på kostnader i kommunale barnehagar to år tilbake, med indeksregulering og justerte pensjonsutgifter. Det er gjennomført omfattande innsparingar i dei kommunale barnehagane. Stykkprisen for 2021 førebels utrekna til kr 197 125/ kr 201 669 per år for barn under tre år og kr 91 846/kr 94 370 per barn over tre år. Det er ulike satsar for enkeltståande barnehagar og barnehagar i kjede. Satsane blir endeleg justerte når dei er vedtekne i statistikk. Sum drifts- og kapitaltilskot blir betalt ut frå barnetal per 15.12.2021. Dei to kommunale barnehagane lokalisert på Giske og Roald har om lag 60 plassar og driftar som 3. billegaste kommune i landet. Økonomien i barnehagedrifta er sårbar med tanke på barnehagekapasitet. Leiarane i private barnehagar er med på styrarmøte og fagdagar i oppvekst.

To av barnehagane har kristen formålsparagraf: Daggry barnehage på Valderøya og Tryggheim barnehage på Godøya. Tryggheim ynskjer å byggje ny barnehage og har søkt om dette over tid. Barnehagekonsernet Gnist Barnehager AS eig Gnist Nordstrand og Gnist Sætra er no kjøpt opp av Norlandiakjeden. Skjong barnehage og Myra barnehage er foreldreeigde. Statsbudsjettet legg til grunn at det skal være 50% pedagogar i barnehagane, noko som inneber ei ca 10 % fagleg styrking, med kostnadsauken det innber. Det er oppretta ei arbeidsgruppe som er i gang med å analysere korleis barnehageområdet kan få rett kapasitet med tanke på synkande barnetal. Det er fokus på språk, Talk og tilpassing innafor det allmennpedagogiske for å utvikle ein meir inkluderande praksis også i barnehagane.

Tenesteområde 2111 Styrka tilbod til førskulebarn

Kommunen gir tilbod til førskulebarn med særskilte behov i både private og kommunale barnehagar. Førskuleteamet gir spesialpedagogisk tilbod i barnehagane og i tillegg finansierer kommunen assistentstøtte til barn med særskilte behov.

5.5 Grunnskule

Giske kommune har frå november 2021 fire barneskular: Vigra skule, Valderøy barneskule, Godøy skule og Giske skule. Giske ungdomsskule samlar ungdomstrinnet i kommunen frå 1. august 2021 og er lokalisert på Valderøya.

For kommunegruppe 10 var snittkostnaden 117.514 kroner. Landssnittet låg på 118.056 kroner, snittet for Møre og Romsdal var 123,130 kroner. Jf. Kostra.

I 2020 og 2021 har skulane gjort betydelege sparetiltak. Talet på årstimar til undervisningspersonale er redusert med ca. 5,9 %, eller nesten 4600 timar. Dette er gjort på kort tid og medfører derfor at vi på nokre område ikkje klarer å oppfylle lovpålagde tenester - sjå nedanfor.

Giske kommune har digitalisert med nettbrett 1:1 i skulane. Ungdomsstrinnet treng også PC-park med tanke på td eksamensgjennomføring.

TALK-arbeidet fokuserer på elevar som er diagnostisert med ASF-H (Autismespekterforstyrring, høgtfungerande). Dette prosjektet har gått i grunnskulen i fleire år. Barnehagane og også helse- og omsorgssektoren er no i gang med dette arbeidet.

Lærarnorm

Frå hausten 2019 skal det vere maksimalt 15 elevar per lærar i 1.-4. trinn og maksimalt 20 elevar per lærar i 5.-10. trinn. Denne norma skal sikre at det blir rom for tidleg innsats og er, saman med rett kompetanse vårt viktigaste tiltak for redusert spesialundervisning. Kompetanse handlar her om å utvikle varige betre praksisar –bruke dei viktige timane barn og unge er på skulen, til å gjere meir av det som har best effekt. Med dei tiltaka som er sett i verk for å halde tildelt budsjett, klarer ikkje skulane å halde denne norma. Ved rapportering i GSI manglar vi 1,3 lærarårsverk til ordinær undervisning. Når ein tek omsyn til at skular med få elevar per trinn ikkje kan klare seg med minimumsnorma, manglar vi reelt meir enn 3 årsverk for å oppfylle lærarnorma (GSI ikkje sluttførd på skrivetidspunkt). Timetalet i grunnskulen blir utvida med ein årstime i naturfag.

På grunn av den økonomiske situasjonen får ikkje elevane våre symjeopplæring, leksehjelp og faget fysisk aktivitet i 5.-7. klasse. Dette er lovpålagde oppgåver. I tillegg til ressursar til lærarnorm kjem ein tidsressurspott med to årstimar per elev, og ein innleiande ressurs for ungdomssteget med 57 årstimar per klasse. Skulane må og ha ressurs til kontaktlærarteneste med 28,5 årstimar per kontaktlærar, og nedsett undervisningstid to skuleår for nyutdanna lærarar og lærarar over 57 år.

Kompetente lærarar

Dei nyutdanna lærarane har no kompetanse på masternivå.

I ordninga "Kvalitet for kompetanse" kan lærarar få vidareutdanning for å møte kvalifikasjonskrava. Ordninga er eit spleiselag mellom stat, kommune og den enkelte deltakaren, der staten betaler vikar etter fastsett sats for lærar som tek godkjend vidareutdanning i utvalde undervisningsfag. Kommunen betaler bøker og utstyr samt reise og opphald i samband med studiet. Deltakaren får permisjon i 37,5% stilling. Studiet er sett til 50% arbeidsbelastning. 12,5% stilling er dermed deltakaren sitt bidrag i "spleiselaget".

Spesialundervisning

Kommunestyret har sett i verk eit arbeid for å redusere omfanget av spesialundervisninga og inkludere fleire elevar i den ordinære tilpassa opplæringa. Dette arbeidet gir no resultat. I 2019 fekk ca. 12% av elevane spesialundervisning, og 25,2 % av samla undervisningstimane blei brukt til dette. I 2020-21 får 9,7% av elevane spesialundervisning. 24,7% av undervisningstimane blir brukt til spesialundervisning eller særskild norsk. Dette er ein reduksjon på nesten 2000 årstimar.

Utfyllande informasjon om skulesektoren er å finne i Skoleporten og i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem).

Skulebygg

I 2017 fekk kommunestyret presentert rapportar, utført av Norconsult, som viser eit klart behov for utbygging og oppgradering av skulebygga. Mest prekært er behovet på Vigra skule. Godøy skule har fått noko oppgradering gjennom arbeidet med å samle 1-7. Både på Godøy og Vigra skule manglar tilrettelagd uteområde.

Giske ungdomsskule har fått på plass modulbygg for å romme ein større elevflokk. Skulekjøkkenet må renoverast og skulen manglar pc-ar til å gjennomføre eksamen. Elevar ser ut til å trenge støtte til Livsmeistring i større grad enn før. Årsakane er samansette og må også sjåast i samanheng med pandemien.

Teneste 2130 Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar både grunnskule, spesialundervisning på grunnskuleområdet for vaksne, samt opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar med rett og plikt til slik opplæring etter introduksjonslova § 17. Kommunen får tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Grunnskuleopplæring for vaksne skal dekkjast av rammetilskotet. Tilskotet til norsk og samfunnskunnskap er todelt med eit grunntilskot på 610.000 kroner per år og persontilskot på 146.600 fordelt på tre år. I 2020 1.557.416. Så langt i 2021 har vi motteke noko over 1,135 000.

8 personar får for tida opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Giske kommune kjøper denne tenesta frå Hareid ressurssenter. Deltakarane får dekt kostnad med hurtigbåt til Hareid. Giske kommune har ikkje tilbod til arbeidsinnvandrarar frå EØS-området, som ikkje har rett på gratis opplæring og heller ikkje plikt til å ta norskopplæring. Desse blir vist til ei av nabokommunane våre som har tilbod til betalingselevar. Deltakarar som har arbeidsgivar, kan få norskopplæring betalt gjennom den statlege støtteordninga Kompetansepluss.

2 vaksne får for tida grunnskuleopplæring etter § 4 A-1 i opplæringslova. Denne tenesta blir også kjøpt frå Hareid kommune. Deltakarar i grunnskuleopplæring har rett til gratis skuleskyss.

Teneste 2121 Pedagogisk rettleiingsteneste

Pedagogisk rettleiingsteneste omfattar fagleg pedagogisk støtte til system, struktur og individsaker i oppvekst skule. Fokus er på å utvikle inkluderande, likeverdige tilbod. Ansvar for planlegging, koordinering, støtte til forsøk og arbeid med søknadar om midlar frå fylke og stat. Einingane får samlande oppfølging av sine planar og rapportar for mest mogleg felles kommunale planar og prosedyrer. Ansvar for kurs og rettleiing til leiarar, fellesutgifter til kurs (inntekter og utgifter), midlar til kommunalt foreldreutval og interkommunalt arbeid blir også ført her. Giske kommune har ein tilsett knytt til denne tenesta.

Teneste 2150 Skulefritidsordning (SFO)

SFO-tilbodet skal vere eit likeverdig tilbod til alle barn i 1.-4. årstrinn og til barn i 5.-7. årstrinn som har særskilte behov. Nasjonal Rammeplan for SFO kom i juni 2021. Både den og Fagfornyinga har tydelege forventningar om kompetanseutvikling for tilsette. Kommunen dekkjer ekstra kostnader til barn som har særskilte behov for tilrettelegging. Utover dette skal foreldrebetalinga dekkje kostnadene for tilbodet. Sjølvkost for SFO inkluderer utgifter til lokale. Frå hausten 2021 ser vi ei sterk auke i søknader om nedsett betaling i SFO, betalinga skal ikkje overskride 6 % av husstanden si inntekt. Barn med særskilde behov i 5.-7. klasse har rett på gratis SFO.

Teneste 2230 Skuleskyss

Elevar som bur meir enn 4 km frå skulen - rekna frå dør til dør - har rett på gratis skuleskyss. For elevar i første klasse er grensa 2 km. Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skuleskyss, har rett til skyss uavhengig av avstand. Elevar kan også ha rett til skuleskyss på grunn av trafikkfarleg veg. Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyssen, og kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarar enkeltbillett.

Teneste 3830 Kulturskule

I 2020 blei kulturskulen underlagt Valderøy barneskule. Tilbodet ved skulen har blitt tilpassa den økonomiske situasjonen og tilbodet er altså redusert.

Nøkkeltal per 1. oktober

Kulturskule

Kulturskule
Kulturskulen 2019-20 2020-21 2021-22
Musikkundervisning 133 123 106
Visuelle kunstfag 30 30 23
Teater 17 0 0
Dans 130 129 137
Andre kunst- og kulturuttrykk 0 0 0
Samla elevtal 310 282 266
Årsverk 2,96
Rektor/inspektør 0,92 0,7 0,2
Kontorhjelp 0 0 0
Årsverk til undervisning 4,62 3,33 2,96
Fokusområde Mål Måleindikator Resultat 2019 Resultat 2020 Resultatmål 2021
Brukere God kvalitet i barnehage Andel tilsette med fagarbeidarutdanning 32,39 % 33 % 33 %
Brukartilfredsheit totalt Giske 4,3 Vigra 4,4 4,4
God kvalitet i skule Grunnskulepoeng 43
Elevar på meistringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing på 8. trinn (prosent) 75,8% 75,5% 76%
Elevar på meistringsnivå 3-5, nasjonale prøver i rekning på 8. trinn (prosent) 68% 73,2% 75%
Elevundersøking trivsel (skala 1-5) 4,2 4,3 4,5
Medarbeidere Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar Sjukefråvær 8% 5,2% 4%
Økonomi God økonomistyring Avvik i % av vedtatt netto driftsramme 4,2%