2 Kommuneleiing - Stab, kultur, service og næring
Kommuneleiing og stab omhandlar tenesteområda 1200 – 1260 som er kommunedirektør, kommunalsjefar og stabsfunksjonar.
Staben skal levere tidsrette støttefunksjonar i samsvar med krav og forventningar som er stilt til kommunen si kjerneverksemd og strategiske satsingar. Arbeidsopppgåver er blant anna planlegging, støtte, oppfølging og styring. Dette omfattar blant anna oppgåver knytt til kvalitet og internkontroll, beredskap, fellesfunksjonar, økonomiforvaltning og personalforvaltning.
Eininga kultur, service og næring er ny. Den vart etablert i stab i 2021 og skal tilrettelegge for politiske og administrative avgjerdsprosessar, verksemdstyring, analyse og utgreiingsarbeid. Eininga har også ansvar for kulturarbeidet i Giske, dette gjeld bibliotek, frivilligsentral, kulturminnearbeid, friluftsliv og samhandling med lag og organisasjonar. Informasjonsarbeid og fellesfunksjonar som post og arkiv, oppfølging av avtalen med Ålesund knytt til landbruk, samt viltforvaltning er også ein del av den nye eininga. Det næringsretta arbeidet til kommunen samt etableringsstøtte/hoppid blir også fulgt opp her. I tillegg kjem oppfølging av avtale om kjøp av IKT og brukarstøtte frå Ålesund kommune.
2. Kjerneverksemd
Ansvar | Årsverk 2020 | Årsverk 2021 | Årsverk til bruk i 2022 |
---|---|---|---|
1200 KOMMUNELEIING - STAB | 7,06 | 6,86 | 5 |
1220 ØKONOMI | 3,7 | 3,7 | 3,7 |
1230 SERVICEKONTOR | 6,5 | ||
1240 PERSONAL OG LØN | 3,9 | 3,9 | 3,9 |
1250 KULTUR, SERVICE OG NÆRING | 11,2 | 10,7 | |
Sum | 21,16 | 26,96 | 23,3 |
3. Driftsbudsjett
4. Utfordringar og mål
4.1 Utfordringar
- Etablere
effektiv organisering, støtte og tenestenivå som er tilpassa redusert
bemanning og trange økonomiske rammer, dette inneber blant anna tydeleg
prioritering mellom arbeidsoppgåver, forventingsavklaring, og ikkje minst
sikring av tvillingkompetanse
slik at viktige funksjonar
vert levert ved eventuell sjukdom, ferie og anna fråvær.
- Implementering av nye digitale
verkty, opplæring og størst muleg gevinstrealisering.
- Sikre
trivsel og godt arbeidsmiljø – systematisk HMS-arbeid
- Systematisk
informasjonsarbeid, rett utvikling av heimeside, intranett og bruk av sosiale
medier.
- Tilrettelegge for døgnopen forvaltning ved å betre innbyggardialogen slik at innbyggarane kan vere sjølvhjelpte uavhengig av arbeidstid
4.2 Satsingsområde
- Implementering av prosjektet «Omstilling av
fellesfunksjonar i Giske kommune». Ny organisering og arbeidsfordeling
mellom stab og linjeorganisasjon skal iverksetjast.
- Etablere eit styrka systematisk arbeidsmiljø og HMS arbeid.
- Utarbeiding og implementering av arbeidsgivarpolitisk dokument og leiarutvikling.
- Vidare fokus på rapporteringsarbeid og bistand til einingane i budsjett og økonomiarbeidet.
4.3 Tabell styringskort og styringsindikator
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultat 2020 | Resultatmål 2021 | Resultatmål 2022 |
---|---|---|---|---|---|
Innbyggarar | Kvalitet tilpasse dei økonomiske rammevilkåra | Plassering i forbrukkerrådet sine testar av kommunal service | nr 150 av kommunane i landet og nr 14 av kommunane i Møre og Romsdal | 100 eller betre av kommunane i landet. 10 eller bedre av kommunane i Møre og Romsdal | 100 eller betre av kommunane i landet. 10 eller bedre av kommunane i Møre og Romsdal |
Forenkling og effektivisering gjennom digitalisering | Videreutvikle digitale verktøy for innbyggjarane | Videreutvikle digitale verktøy for innbyggjarane | |||
Velfungerande informasjons- og kommunikasjonskanal | Relevant informasjon er lett tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette døgnet rundt. System med digitale søknader mm fungerer godt | Ny layout på heimeside. Intranett etablert | Videreutvikle og arbeide meir strategisk med informasjon til innbyggarane | Videreutvikle og arbeide meir strategisk med informasjon til innbyggarane | |
Medarbeidarar | Auke intern beredskapskompetanse | Gjennomførte øvingar | Øving på utvalde hendingar | Øving på utvalde hendingar | |
Velfungerande kvalitets- og internkontrollsystem | Gode tilbakemeldingar frå tilsette og innbyggjarar. Regelmessig rullering, og få avvik på tenestene som blir gitt | Oppstart planlegging av ny bruk av eksisterande ressursar | Etablere rutine og prosedyrer for dei mest risikobelasta områda | Jobbe vidare med rutine og prosedyrer for dei mest risikobelasta områda | |
Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar | Nærver | 98 % | 98 % | 98 % | |
Enkel og effektiv support og drift ved hjelp av digitale verkty | Gjennomført opplæring på nye digitale verkty | Ta i bruk support via Teams | Ta i bruk support via Teams | ||
Fellesfunskjonar har rett kompetanse og eit godt fag- og arbeidsmiljø | God trivsel og gode tilbakemeldingar frå adm. Leiing og einingan | Plan for kompetanseheving er ferdig | Plan for kompetanseheving er ferdig | ||
Økonomi | Lav andel av administrative resursser. God økonomistyring | Alle ledere har kompetanse og forståelse for økonomi og økonomistyring | |||
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 administrasjon per innbygger | kr 3 602 | ≥ kr 3 500 per innbygger | ≥ kr 3 500 per innbygger | ||
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 som andel av totale utgifter | 5,10 % | 6 % | 6 % | ||
Avvik i % av netto driftsramme | 3 % | ≤ 0 | ≤ 0 |