1 Politisk styring
Rammeområde 1 Politisk styring omfattar tenestene:
1000 – 1070 som er kommunestyre, politiske utval, formannskap, diverse rådsorgan, stønad til politiske parti, revisjon og kontrollutval, samt finansiering av kommuneval og stortingval.
Driftsbudsjett
For kommunestyreperioden 2019 – 2023 er den politiske organiseringa endra. Det er no 2 utval: livsløp og teknisk.
Dei økonomiske rammene innan rammeområdet er konsekvensjustert i høve til budsjett 2021. Det er tatt høgde for kommuneval i 2023 og stortingsval i 2025.
Utfordringar i perioden
- vurdere samanslåing av eldreråd og RFF samt redusere talet på politiske møter
- vurdere reduksjon av kommunestyret med fire medlemmer frå ny valperiode
- sette ned eit uavhengig utval, valt av kommunestyret, for å vurdere godtgjersle for ordførar og øvrige politikarar