2.3 Samarbeid
Giske - historisk og framtidsretta. Det handlar mykje om å ha fokus framover, ha fokus på endring og ta med innbyggarane over i "Kommune 3.0", inn i eit samfunn der kommunen og innbyggarane saman utviklar tenestene. Vi må saman endre Giske kommune slik at vi kan fortsette den gode tenesteproduksjonen, slik det er gjort vedtak om, som eigen kommune også framover. Vi må endre for å bli økonomisk berekraftig, og vi må endre når vi ser utviklingstrenden i befolkningssamansetninga.
Giske kommune skal:
- samhandle slik at det blir levert tenester til flest mogleg i samspel med innbyggarane, dei frivillige og dei tilsette.
- samhandle med næringslivet, og legge til rette for vidare vekst, utvikling og nye næringar.
- samarbeide med nabokommunane våre, særleg Ålesund kommune og Sula kommune for å bygge ein sterk region.
- ha fokus på og vere pådrivar til vidareutvikling av bruk av digitale verktøy for å møte den veksten som kjem blant anna knytt til eldrebølgja.
- arbeide for FN’s berekraftsmål for å ivareta miljøet, bruke mindre, gjenbruke, og ha eit spesielt fokus på havet og søppel i havet.
- ferdigstille marine grunnkart saman med nabokommunane og ta det i bruk i hamneutvikling og i planlegging av sjøområda.
- endre organisering og struktur ut ifrå samfunnsutviklinga.
- bidra til felles utvikling av Ålesundsregionen gjennom viktige samspelsprosjekt som Smart-by, Plan for klima, areal og transport (PAKT) og handlingsplan for førebygging av vold og seksuelle overgrep.