1. Innleiing - Kommunedirektøren har ordet
Giske – historisk og framtidsretta!
Giske kommune leverer framleis, gode tenester til innbyggarane. Det viser mange av undersøkingane som blir gjort årleg om statusen i kommune-Noreg. På kommunebarometeret er vi nr. 114 av 356 kommunar når ein ser på alle tenestene samla. Utfordringa vår er at vi fortsatt leverer tenester ut over den økonomien vi har til rådvelde, og ikkje evner å sette av naudsynte midlar på fond. I 2021 er det gjennomført store kostnadsreduserande tiltak for å nå budsjettet og tidlegare tiltak vert vidareført. Og vi har godt håp om å levere på budsjett i 2021. Men framleis står det udekka underskot frå tidlegare år igjen som må dekkast. Vi ser og at tal på ressurskrevjande brukarar, tal på demente og eldre med store hjelpebehov er stigande. For å klare desse utfordringane må vi fortsette omstillinga og ha fokus på vidare utvikling av tenestene.
«Kommune 3.0» er ei beskriving av kommunen slik den er tenkt skal bli framover. Ein kommune som ikkje aleine yter tenester til innbyggarane, men der innbyggarane deltek i tenesteproduksjonen gjennom samarbeid, frivillig deltaking og medverknad. Kva forventning skal innbyggarane ha til tenestene? Kva forventning skal Giske kommune ha til innbyggarane? Dette blir det viktig for Giske kommune å arbeide med både i 2022 og i handlings- og økonomiplanperioden.
Giske hadde ved utgangen av 2020 lånegjeld på 150,59 % av brutto driftsutgifter. Når vi veit at anbefalt gjeldsgrad i Norge er 70-88 %, skjønar vi kvifor vi har store økonomiske utfordringar og slit med å nå krava som vert stilt til balanse i økonomien frå staten. Å redusere gjeld og begrense nye låneopptak blir svært viktig for å nå desse måla. Auka rentenivå vil gjere gjelda endå meir krevande å handtere, og avdraga ligg fast.
I statsbudsjettet for 2022 og vidare framover er det spenning knytt til kva tiltak som blir vald for kommunesektoren. Viktige tema blir nasjonal finansiering av nye oppgåver for kommunane, refusjonsordningar for ressurskrevande brukarar og korleis samfunnet møter det auka behovet for omsorg i takt med at fleire vert eldre.
Giske har stor vekst i folketalet, men mange pendlar ut for å finne arbeid. Å legge til rette for nye arbeidsplassar har vore prioritert sjølv gjennom denne krevande tida. Mykje godt arbeid er gjort og rolla som tilretteleggar for næringslivet må halde fram i kommunen. Samstundes bør kommunen sørge for at ein styrer gjennom planverket og let næringsaktørane stå for investeringar og den konkrete eigedomsutviklinga.
Kommunedirektøren ser at vi treng heile økonomiplanperioden til å arbeide med økonomisk initiert omstilling. Vi må blant anna fokusere på arealbruken vår. Brukarar med tenestebehov må ha kort avstand til tenestebasar og bygga må være gode å bu i også om ein treng hjelp. Vi vil halde fram med å bruke digitale verktøy i skule og omsorg, og i arbeidet mot «den døgnopne kommunen», der publikum kan finne relevant informasjon når det passar dei.
Best mogleg kvalitet for innbyggarane innanfor den økonomiske ramma vi har, ligg som eit overordna mål for heile perioden.
Dag Olav Tennfjord