6 Barn, familie og helse

Eining barn, familie og helse yter tenester innan ramme 6. Eininga gir følgjande tenester til barn, unge og familiar: legetenesta, kvardagsrehabilitering, fysio/ergo, logoped, psykisk helseteam barn og unge, PPT, barnevernteneste, hjelpemiddellager, helsestasjon, jordmorteneste og skulehelseteneste, tildelingskontoret, flyktningtenesta og introduksjonsprogram.

Teneste 6 Barn, familie, helse - Kommunedirektøren sitt forslag Regnskap 2020 Budsjett 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025
alle tal i heile 1 000
1260 SAKSBEHANDLING - FELLES 101 132 105 105 105 105
2111 STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN 1 193 2 123 1 302 1 302 1 302 1 302
2120 GRUNNSKOLE 2 588 1 360 2 565 2 565 2 565 2 565
2130 VAKSENOPPLÆRING 208 597 382 382 382 382
2320 FØREBYGGING HELSESTASJONS- OG SKULEHELSETENESTE 5 433 5 426 6 143 6 143 6 143 6 143
2330 FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL 688 754 754 754 754 754
2340 AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA 1 046 1 216 1 231 1 231 1 231 1 231
2410 DIAGNOSE OG BEHANDLING 12 335 11 813 13 301 13 301 13 301 13 301
2411 FYSIO-/ERGOTERAPITENESTE 4 435 4 386 4 617 4 617 4 617 4 617
2412 PSYKISK HELSEVERN 802 747 16 16 16 16
2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING -109 -72 -72 -72 -72 -72
2421 FLYKTNINGKONTOR 1 082 1 082 1 092 1 092 1 092 1 092
2440 BARNEVERNTENESTE 4 813 5 535 7 555 7 555 7 555
2510 BARNEVERNTILTAK I FAMILIEN 3 420 1 705 2 443 2 443 2 443 2 443
2520 BARNEVERNTILTAK UTANFOR FAMILIEN 4 200 5 658 6 120 6 120 6 120 6 120
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 3 129 2 570 2 514 2 514 2 514 2 514
2750 INTRODUKSJONSORDNINGA 2 803 3 140 2 800 2 800 2 800 2 800
Sum ramme 6 Barn, famile, helse 48 168 48 173 52 870 52 870 52 870 52 870

Oppvekstreforma/barnevernsreforma vert gjeldande frå 1.1.2022. Dei mest krevjande oppgåvene i reforma ligg til barnevernstenesta med nytt ansvar for institusjon og fosterheim, ut over det ligg reforma til heile organisasjonen å følgje opp. Det krev mellom anna tett samarbeid mellom ei rekke tenester. Kommunestatestikken viser at 28% av innbyggjarane i Giske kommune er mellom 0-20 år. Denne veksten påverker tenestene i eininga i særs stor grad. Tverrfagleg samarbeid er vektlagd. Det er framleis nasjonal satsing på helsestasjon, skulehelseteneste og jormortenesta. Desse tenestene søkjer vi tilskot til frå stat for å styrkje bemanninga. Psykisk helse og rus er også ei nasjonal satsing. Her kan vi mellom anna søkje tilskot til utviklingsprosjekt. Vidare er satsing og fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi stor. Frå 2020 skal velferdsteknologi vere integrert i helse- og omsorgstenestene. Giske kommune har hatt stort fokus på dette sidan 2015 og har kome langt i arbeidet.

Giske kommune deltek i interkommunalt samarbeid og kjøper tenester hjå andre kommunar knytt til legevakt natt, barnevernvakt, krisesenter, overgrepsmottak og kjøp av tenester legesenter.

Årsak til auke frå budsjett frå 2021 til budsjett 2022 med kr 4,7 mill:

  • Auke i utbetaling av basistilskot fastlegane og auke i kostnader kjøp av tenester med kr 1,5 mill. Basistilskotet vert delvis finansiert gjennom tilført midlar i ramma.
  • Barnevernstenesta har ei auke med kr 3,2 mill. Giske kommune får tilført kr 2,8 mill for innføring av barnevernsreforma. Midlane vil ikkje kunne dekkje dei reelle kostnadane kommunen evt får til institusjonsplassering og arbeid knytt til fosterheimsplassering. Dette vert ein økonomisk risiko for Giske kommune i 2022. Grunnlag for utrekning av midlane er basert på innbyggjartal og brutto driftsutgifter i tenesta frå tidlegare år. Kommunen har halde driftskostnadane lave grunna den økonmiske situasjonen, dette får konsekvensar for overføringane frå staten til oppvekstreforma. Sjå kostratal lenger nede i dokumentet.

Driftstiltak:

  • Barnevernsreforma/oppvekstreforma: ei auke i budsjettet med kr 2,8 mill.
  • Ikkje innleige ved sjukefråvær og halde stillingar vakant om drifta tillet det. Kutt kr 1 mill.
  • Effektiviseringstiltak, justering innan ramma. Kutt kr 1,1 mill.

4.2 Utfordringsbilde

  • Eininga har kutta i fleire tenester med til saman 7,13 årsverk frå 2019 til 2021. Utfordringa blir å klare å levere lovpålagde tenester med denne reduksjonen. Ytterlegare kutt vil føre til at vi må legge ned tilbod og oppgåvene må eventuelt overførast til andre tenester. Tilbodet til brukarane vil bli redusert og mange vil ikkje få tilbod om tenester. Andre tenester innan organisasjonen får konsekvens av kutt i eininga, til dømes omsorg og oppvekst.
  • Rekruttering av tilsette med naudsynt kompetanse, som må kunne løyse stadig fleire oppgåver i mindre fagmiljø.
  • Oppgåver som blir overført frå Helseføretaket til kommunalt nivå, gjer at vi må yte meir spesialiserte oppgåver. Vi må yte meir til fleire.
  • Digitalisering og å ta i bruk dei verktøya vi allereide har. Erstatte individuell oppfølging med digitale hjelpemiddel.
  • Fastlegeordninga er i endring og rekruttering av fastlegar kan vere ei utfordring. Basistilskot til fastlegane auka i 2021. Denne vert ikkje fullt ut finansiert frå staten. Kommunen får difor ein kostnad knytt til dette i 2022.
  • Levere lovpålagde tenester innan budsjettramma.
  • Halde lovpålagde fristar i barnevernstenesta og PPT.
  • Førebu arbeidet med å bygge opp naudsynte hjelpetiltak for å imøtekome krava i Barnevernsreforma som trer i kraft frå 2022.
  • Nødvendige omstilingsprosessar skal gjennomførast med få leiarressursar. Omstillingsprosessar krev tett oppfølging og avdelingsleiarane må arbeide med omstilling og samstundes følgje opp brukarane

4.3 Tenesteområde

4.3 Tenesteområde
Tenesteområde Tal brukarar 2019 Tal brukarar sep 2020 Tal brukarar sep 2021
PPT inkl. logoped PPT 233, Logoped 113 PPT: 96 aktive saker, 62 nye henvisningar. Logoped: 100 brukarar PPT: Tal brukarar 96, logoped: 7
Helsestasjon og skulehelseteneste, inkl. jordmorteneste Helsestasjon 2500, 78 jordmor (ventar 102 nyfødde i 2019) Helsestasjon 2500, jordmor 100 Helsestasjon: 2500, jordmor : 120
Diagose og behandling 7 720 7790 7985
Frisklivssentral 20 (avslutta 1.7-19) - -
Fysio/ergo inkl. kvardagsrehabilitering og hjelpemiddellageret Fysio: 144, Ergo: 77, Kvardagsrehab: 83 Fysioterapitenesta ca 120, ergoterapi 45, kvardagsrehabiliteringsteamet 65, 7900 hjelpemiddel Fysio 120, ergo 45, kvardagsrehabilitering 65, hjelpemiddel 7900
Psykisk helseteneste barn og unge 98 50 (1 årsverk) 68
Barnevern og barnevernstiltak 92 84 brukarar, 61 mottekne meldingar, 59 medtiltak i heimen, 5 barn under omsorg, 7 barn i fosterheim . Tal brukarar 63, tal mottekne meldingar 84, tal hjelpetiltak 48, tal fosterheim 7, tal tilsynsansvar 8
Tildelingskontor Tal brukarar: 946, tal tenester: 3626, tal e-meldingar: 16585 Tal brukarar: 843, tal tenester: 3099, tal e-meldingar: 13425 Tal brukarar 855, tal tenester 3271, tal elektroniske meldingar 17 000.
Flyktningteneste 64, 13 på introduksjonsprogram 64. 13 på introduksjonsprogrammet

4.4 Oversikt tal årsverk i eining barn, familie og helse

4.4 Oversikt tal årsverk i eining barn, familie og helse
Teneste 2019 2020 2021 Merknad
PPT, logoped 5 3,8 4,3 Reduksjon logoped frå okt-2020
Helsestasjon, jordmor 10,3 10,3 8,5 7,5 er faste stillingar, 2,8 prosjektstilling
Legetenesta 2,58 2,58 2,58 kommunale årsverk
Fysio/ergo/kvardagsrehab 7,6 6,6 6,6 2,6 årsverk kvardagsrehab, 1 årsverk hjelpemiddellager
Psykisk helseteam barn/unge 3 2 2
Barnevernstenesta 8 7 7
Frisklivssentralen 0,2 0 0 Kutt frå 1.7-19
Tildelingskontor 4,7 3,7 frå1.8.2020 3,7
Flyktningteneste 1,63 1,63, 1 årsverk frå 1.7,220 1
Totalt årsverk 42,81 38,18 35,68 Kutt 7,13 stillingar

KOSTRA, Helsetenester, Giske 2020

KOSTRA, Helsetenester, Giske 2020
Nøkkeltal Enhet Giske Kostragruppe 1 Landet utan Oslo Møre og Romsdal
Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggjarar Årsverk 11,6 11,6 11,8 12,3
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggjarar Årsverk 6,1 10 9,7 9,5
Avtalte årsverk i helsestasjon- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggjarar Årsverk 47,3 50,9 45,7 48,5
Andel heimebesøk av helsesjukepleiar til nyfødde Prosent 92,9 92,3 72,4 89,4
Netto driftsutgifter til kommunehelsetenesta i prosent av kommunens samla netto driftsutgifter Prosent 5,2 5,3 5,5 5,2

KOSTRA, Barnevern, Giske 2020

KOSTRA, Barnevern, Giske 2020
Nøkkeltal Enhet Giske Kostragruppe 1 Landet utan Oslo Møre og Romsdal
Netto driftsutgifter til barnevernstenesta per innbyggjar 0-22 år kr 4 404 7 859 8 059 6 688
Barn med melding ift. innbyggjar 0-17 år Prosent 3,8 5,1 5,0 4,6
Prosentandel barn med undersøking ift innbyggjarar 0-17 år Prosent 3,6 4,9 4,7 4,0
Barn med barnevernstiltak ift. innbyggjarar 0-22 år Prosent 4,3 4,2 3,8 3,9
Brutto driftsutgifter per barn med undersøking eller tiltak Kr 45 547 61 017 55 757 57 431
Brutto driftsutgifter per barn som ikkje er plassert av barnevernet Kr 34 898 36 974 44 053 31 019
Brutto driftsutgifter per barn som er plassert av barnevernet Kr 252 647 437 206 431 849 395 577
Barn med undersøking eller tiltak per årsverk Tal 21,1 18,1 17,5 20,3
Undersøkingar med handsamingstid innan 3 mnd Prosent 91 88 90 87

4.5 Styringskort og styringsindikatorar

4.5 Styringskort og styringsindikatorar
Fokusområde Mål Måleindikator Resultatmål 2022
Brukarar Opplevd god kvalitet barnevernstenesta. Brukarundersøking. Halde snitt i Noreg innan andel barn med barnevernstiltak, fristbrot i undersøkingssaker. Ingen fristbrot i saksbehandling. Gjennomføre internkontroll saksbehandling. Tilsette gjennomfører tiltak i kompetanseplan. Gjennomføre Brukarundersøking
Kapasiteten i fastlegeordninga skal vere tilstrekkeleg til å sikre alle innbyggjarar fastlege gjennom heile 2020. Det er tilsett fastlegar i alle stillingane. Full fastlegedekking.
Betre koordinerte tenester Utarbeide retningslinjer for gjennomføring av tverrfaglege møte og koordinatorrolla. Delta og følgje opp arbeid i prosjektet "betre tverrfagleg innsats". Felles verktøy for individuell plan og individuell opplæringsplan Fortsetje prosjekt Betre tverrfaleg samhandling. Følgje opp arbeidet. Tverrfagleg samhandling i eininga og mot andre tenester i kommunen. Utarbeide samhandlingsmodell for kommunen. Rulle ut verktyet.
Digitale søknader til omsorgstenestene Digital søknad er på plass innan 2022. Utarbeide digitale søknadsskjema i helse og omsorgstenestene. Ta i bruk i 2022.
Oppvekstreforma/barnevernsreforma trer i kraft frå 01.01.2022. Gode system for å fange opp tidlege teikn på skeivutvikling. Internkontrollsystem som viser korleis vi handler ved bekymring Vi klarer å møte oppvekstreforma best mogleg med dei tilgjengelege ressursane kommunen har. samarbeid mellom helse, omsorg og oppvekst. Felles arbeidsgruppe.
Medarbeidarar
Kompetanseutvikling i alle tenester Kompetanseplan Gjennomføre tiltak utarbeida i kompetanseplan for eininga.
Sjukefråvær skal ikkje overstige 5 % Følgje opp fråværs-statistikk, rapportere. Setje i verk nødvendige tiltak. Samarbeid med tilitsvalde og verneombod. Sjukefråværet skal ikkje overstige 5 %
Økonomi Effektivisere drifta i eininga Utarbeiding av rutinar Gjennomgang av tenesteleveranse og prioritering av oppgåver
Digitalisering av tenestene Digitale verkty Vi har tatt i bruk fleire digitale verkty/hjelpemiddel i bruk i tenesta i staden for individuell oppfølging
God økonomistyring Avvik i % av vedtatt netto driftsramme. Alle tenesteområda rapporterer kva månad på status drift og økonomi. Vi har tatt i bruk fleire digitale verkty/hjelpemiddel i tenestene i staden for individuell oppfølging. Avvik ≤ 0