4 Diverse tenesteområde
Ramme 4 omhandlar sosiale tenester som vert gitt av NAV Giske.
3. Driftsbudsjett
4.4 Sosialtenesta, Nav
Lov om sosiale tenester i NAV inngår i kommunen sitt samla velferdsansvar og omhandlar kommunale tenester og oppgåver som NAV Giske skal utføre og medverke i. Dei obligatoriske kommunale tenestene (minimumsløysinga) som inngår i NAV Giske er opplysning, råd og rettleiing (medrekna økonomisk rådgjeving), økonomisk stønad, mellombels bustad, individuell plan og kvalifiseringsprogrammet.
Ut over minimumsløysinga deltek NAV Giske i Intro-programmet for flyktningar, som og er ei kommunal teneste, med arbeidsrelatert opplæring/bistand.
Oppgåvene er til dels forankra i lov, som økonomisk sosialhjelp, og i nasjonale program som kvalifiseringsprogrammet. Desse er førande for kommunen sitt arbeid i høve grupper som treng særskild oppfølging. Giske kommune og NAV Giske har eit tett og godt samarbeid, vi ser at det gjer tenestene kvalitativt betre og heng betre saman. Kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønad må sjåast i samanheng med økonomisk sosialhjelp. Kvalifiseringsprogrammet er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel i kampen mot fattigdom. Målet med programmet er å fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet ved hjelp av tettare og meir forplikta bistand og oppfølging, også i dei tilfella vegen fram kan vere relativ lang og usikker.
4.6 Utfordringar og satsingsområder for sosiale tenester
4.6.1 Spesielle utfordringar:
- Vi erfarer at busette flykningar har hatt større behov for sosiale tenester også under introduksjonsprogram
- Endra statlege regler har ført til fleire brukarar som må ha sosialstønad og høgare kostnad pr. brukar (mellom anna som følge av høgare stønadssatsar og levekostnader)
- Arbeide med alternative tiltak for å halde budsjett innan økonomisk sosialhjelp
- Flere brukarar med meir komplekse gjeldsproblem
- Auka tal brukarar med samansette utfordringar
- I møtekome nye oppgåver og krav til tenesteutvikling
- Vidareutvikle samarbeid mellom NAV og kommunen
- Ein arbeidsmarknad som har større krav til kompetanse
4.6.2 Satsingsområde for tenestene
- Arbeide for tettere samarbeid med kommune og privat næringsliv ved hjelp av en prosjektstilling som jobblos
- Tett oppfølging av utsatte grupper ved hjelp av jobblos for å styrke arbeidsinkludering
- Arbeide for å implementere Digitale innbyggertenester - Sosiale tenester i NAV (Digisos) for å betre kvaliteten og effektiviteten på saksbehandling ytterlegare etter Lov om sosiale tenester, frigi tid til ytterlegare fokus til sosialfagleg arbeid og kome raskare i gong med oppgåver som gjer brukarane sjølvhjelpte
- Oppretthalde fokuset på konkrete og individuelle vurderingar i saksbehandlinga knytt til vedtak om økonomisk sosialhjelp, slik at nivået på KOSTRA-tala samanlikna med behovsjustert indeks blir oppretthalde
- Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving
- Oppretthalde fokus og satsing på Kvalifiseringsprogrammet
- Oppretthalde fokuset på vilkår om aktivitet (aktivitetsplikt) ved tildeling av økonomisk sosialhjelp
- Auka innsats for å betre overgang til arbeid for flyktningar