1. Kommunedirektøren si innleiing
- Best mogleg kvalitet for innbyggarane innanfor den økonomiske ramma vi har, ligg som eit overordna mål for heile perioden
Dag Olav Tennfjord, kommunedirektør
Giske - historisk og framtidsretta
Giske kommune leverer framleis gode tenester til innbyggarane sine. Det viser mange av undersøkingane som blir gjort årleg om statusen i kommune-Noreg. På Agenda Kaupang sin kommuneindeks 2022 er vi nr. 60 av 356 kommunar når ein ser på alle tenestene samla. I denne undersøkinga introduserte ein eit effektivitetsmål som syner samanhengen mellom kostnader og kvalitet på tenestene. Her er vi i landstoppen som nummer 18. Kommunen kom i 2022 ut av ROBEK lista etter mange år. Dette skuldast både at ein har gjennomført kostnadstiltak, men òg at skatteinngangen vart særs god. Framleis sit kommunen med høg gjeld og når rentenivået no aukar kraftig, vil dette merkast godt. Vi har begrensa midlar på disposisjonsfondet og må difor i stor grad kompensere for auka renteutgifter gjennom reduksjon i driftsbudsjetta.
«Kommune 3.0» er ei beskriving av kommunen slik den er tenkt skal bli framover. Ein kommune som ikkje åleine yter tenester til innbyggarane, men der innbyggarane deltek i tenesteproduksjonen gjennom samarbeid, frivillig deltaking og medverknad. Kva forventing skal innbyggarane ha til tenestene? Kva forventing skal Giske kommune ha til innbyggarane? Dette blir det viktig for Giske kommune å arbeide med både i 2023 og vidare i handlings- og økonomiplanperioden.
Giske har ein gjeldsgrad på 129 % av frie inntekter. Når vi veit at KS sin tilrådde maksimale gjeldsgrad er 75 %, ser vi at vi framleis har ein lang veg til dette målet. Berre 33 kommunar i landet har høgare gjeldsgrad enn Giske. Å redusere gjeld og begrense nye låneopptak blir framleis svært viktig for å nå målet. Auka rentenivå vil gjere gjelda endå meir krevande å handtere, og vil i stor grad måtte dekkast gjennom reduserte driftskostnader.
I statsbudsjettet for 2023 og vidare framover er det spenning knytt til kva tiltak som blir blir vald for kommunesektoren. I den tida vi er inne i med store svingningar i renter, prisnivå på energi og flyktningestraumar er det ikkje tvil om at det vert nok av utfordringar å ta fatt i.
Giske har stor vekst i folketalet, men mange pendlar ut for å finne arbeid. Å legge til rette for nye arbeidsplassar har vore prioritert sjølv gjennom denne krevande tida. Det er gledeleg å sjå at mange aktørar viser interesse for etablering i næringsareala som er under utvikling i Gjøsundet.
Innanfor helse og omsorg har vi lagt ned eit stort arbeid for å rigge sektoren for auka behov for helsetenester i framtida. Dette inneber endringar i organisering, ei vridning frå å levere tenester i institusjon til meir heimebaserte tenester og effektiv samordning av ressursar.
Samfunnsplanen vart rullert i 2022, og ei rullering av Kommuneplanen sin arealdel står for tur. I denne må vi innarbeide føringar som sikrar at brukarar med tenestebehov må ha kort avstand til tenestebasar og nye bustader må være gode å bu i også om ein treng hjelp. Konsentrert bygging langs kollektivtrasear og god utnytting av eksisterande infrastruktur vert også viktig. Det er klare føringar for styrka jordvern, og berekrafts-perspektiva skal leggast til grunn for utvikling av lokalsamfunna. Vi vil halde fram med å bruke digitale verktøy i skule og omsorg, og i arbeidet fram mot «den døgnopne kommunen», der publikum kan finne relevant informasjon på nettet når det passar dei.
Best mogleg kvalitet for innbyggarane innanfor den økonomiske ramma vi har, ligg som eit overordna mål for heile perioden