3.1. Kommunen sine økonomiske handlingsreglar (MÅL)

3.1.1 Økonomi

Dei overordna økonomiske måla for Giske kommune er:

  1. Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden
  2. Netto driftsresultat skal vere 1,75 % av brutto inntekter frå 2023
  3. Det skal setjast av til disposisjonsfond kvart år i perioden
  4. Disposisjonsfondet skal vere 10 % av brutto driftsinntekter innan 2027

3.1.2 Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

I ny kommunelov er det vedteke å lovfeste krav om at alle kommunar skal ha eit økonomiregelverk og bruke finansielle måltal i økonomistyringa. Med finansielle måltal er det sikta til politisk vedtekne mål for kommunen si økonomiske utvikling. Den enkelte kommune må sjølv velje måltal og vurdere kva nivå desse bør ligge på. I sak 52/19 økonomiske måltala vedtekne.

Nøkkeltal Vedteke nivå k.sak 52/19
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter 3-5%
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter 5-10%
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter 2-3%
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100%
Avvik frå budsjett 0,5-1%

I tabellen nedom er måltala rekna ut med bakgrunn i ny økonomiplan for heile planperioden. Det kjem fram av grafane at kommunen ikkje vil klare å nå måltala i denne økonomiplanperioden.

Nøkkeltal Vedteke nivå k.sak 52/19 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter 3-5% 0,66 % 0,65 % 0,84 % 0,84 %
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter 5-10% 1,88 % 2,08 % 2,09 % 2,08 %
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter 2-3% 9,39 % 9,75 % 9,99 % 10,38 %
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100% 144,73 % 149,68 % 155,71 % 159,08 %
Avvik frå budsjett 0,5-1% I/A I/A I/A I/A