9 Teknisk

Dei fleste tenesteområda innan ramme 9 er budsjetterte innanfor regelverket for sjølvkost. For å få fram balansen i sjølvkost vert teknisk eining sitt budsjett presentert på ansvarsområda. Samla inntekter, utgifter og nettokostnad går fram av tabellen nedanfor. Overskot innan eit sjølvkostområde vert sett av til fond og underskot vert dekt med bruk av fond. Betalingssatsane er justerte jamfør eiga sak.

Områda som ikkje er sjølvfinansierte er eigedomsavdelinga, reinhald, brannvern, grunnkjøp, opparbeiding av utbyggingsområda, veg/park, overordna plan samt regulering.

Regulering er ikkje eit vedteke sjølvkostområde, men gebyra legg opp til auka dekningsgrad med mål om å vere sjølvfinansierande.

Alle tal i heile 1 000 kroner

Driftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag

Driftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag

Ansvar Ramme 9 Teknisk Regnskap 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026
3110 BUSTADTILSKOT HUSBANKEN 0 0 0 0 0 0
5000 BYGGESAK - Sjølvkost 1 304 214 957 957 957 957
5100 EIGEDOMSAVDELING 37 703 36 159 38 844 38 844 38 844 38 844
5300 BRANNVERN 8 593 9 370 10 154 10 154 10 154 10 154
5400 KOMMUNALT KARTVERK 1 739 2 139 3 254 3 254 3 254 3 254
5500 REGULERING 1 691 1 208 988 988 988 988
6000 OPPARBEIDING UTBYGGINGSOMRÅDER -1 343 -2 814 -1 352 -1 352 -1 352 -1 352
6100 VEGANLEGG 8 131 7 964 9 349 9 449 9 449 9 449
6200 VASSFORSYNING - VAR 593 0 0 0 0 0
6300 AVLØP OG RENSING - VAR 1 114 0 0 0 0 0
6350 SLAMTØMMING - VAR -591 0 0 0 0 0
6400 RENOVASJON - VAR 973 0 0 0 0 0
5310 FEIING OG TILSYN - Sjølvkost 0 44 0 0 0 0
5410 OPPMÅLINGSFORRETNING - Sjølvkost 17 0 0 0 0 0
5510 PLAN 749 1 067 1 297 1 297 1 297 1 297
5520 GRUNNKJØP 1 436 1 236 1 701 1 701 1 701 1 701
Sum ramme 9 Teknisk 62 109 56 587 65 192 65 292 65 292 65 292
Sjølvkostområde er budsjettert med 0 kroner. Dette kjem av at områda er sjølvfinansierande, og overskot eller underskot blir ført til/eller dekt av sjølvkostfond.

Oversikt tal årsverk

Oversikt tal årsverk

Ansvar Årsverk 2019 Årsverk 2020 Årsverk 2021 Årsverk 2022 Årsverk 2023
5000 - Byggesak 3,80 2,53 3,33 3,33 4,33
5100 - Eigedomsavdelinga 22,54 23,58 22,22 21,68 22,18
5300 - Brannvern 7,30 4,70 0,00 0,00 0,00
5310 - Feiing og tilsyn 0,00 0,00 0,00 0,00 0,00
5400 - Kommunalt kartverk 1,30 1,80 0,80 0,83 0,83
5410 - Oppmåling 0,90 0,62 0,60 0,85 0,80
5500 - Regulering 1,70 1,85 1,80 1,53 1,33
5510 - Plan 0,00 0,55 0,65 1,08 1,33
5520 - Grunnkjøp 1,50 1,50 1,40 1,93 2,33
6000 - Opparb. utbygging 0,00 0,70 1,50 1,00 1,00
6100 - Veganlegg 4,38 4,73 3,64 3,66 3,86
6200 - Vassforsyning 4,97 3,29 5,45 4,98 4,88
6300 - Avløp og reinsing 5,03 4,00 4,35 4,88 4,43
6350 - Slamtømming 0,00 0,15 0,10 0,85 0,80
6400 - Renovasjon 2,37 2,33 2,88 2,78 2,78
Sum 55,79 52,33 48,72 49,38 50,88
Alle tal i kroner

Utvalde kostratal

Utvalde kostratal

Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Årsgebyr for vassforsyninga - eksl. mva.
Kommunalt avløp 3 074 3 394 6 454 4 761 4 435
Kommunal vassforsyning 2 459 2 566 4 053 3 814 4 033
Hushaldningsavfall 2 690 3 320 3 318 3 001 3 140
Samferdsel
Brutto utgifter til gatebelysning pr. kilometer belyst veg 22 829 14 777 14 482 21 406 25 675
Netto driftsutgifter til kommunale vegar og gater pr. km. 77 368 169 497 184 603 116 024 166 720
Eigedomsavdeling
Utgifter til vedlikehald pr. kvadratmeter 48 223 20 84 109
Herav utgifter til reinhald 179 175 90 163 172
Herav energi-kostnader pr. m2 57 101 43 128 143

Overordna blikk - utfordringar

Teknisk eining har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver. Samtidig er vi få tilsette på kvart ansvarsområde. Dette gjer oss sårbare ved sjukdom og jobbskifte og er ei vedvarande utfordring i arbeidet med å rekruttere- og behalde tilsette. Det er eit gap mellom forventningar og lovkrav og kva teknisk reelt sett kan klare å levere.

Byggesaksavdelinga har pr. i dag fire tilsette sakshandsamarar. Tre av desse er nytilsette. Situasjonen er særs utfordrande med forstatt høge restansar, tapte gebyrinntekter og samtidig behov for dedikerte resursar til internopplæring. Per i dag greier ikkje kommunen å levere byggesakstenester innen lovpålagte tidsfristar. I prognose for månadsrapport oktober har ein meldt om manglande gebyrinntekter på 1,5 mill ved utgangen av året. Pr. dags dato ligg dekningsgraden på 34% i høve budsjetterte inntekter.

Bygg og eigedomsavdelinga har over tid ikkje fått tilført tilstrekkelege midlar til reelt verdibevarande vedlikehald. Vedlilkehaldsetterslepet er no på 100 mill. kroner. Det er verst stilt med utleigebustadane som treng midlar til det aller mest nødvendige vedlikehaldet.

Drift- og vedlikehald av kommunale vegar har over tid ikkje svart til behovet. For delar av vegnettet er slitasjen no så stor at det er behov for nyinvesteringar. Asfaltering er dei siste åra berre utført i samband med nedlegging av nye ledningstrasear. Gatelysa skulle ha vore skifta til LED lys for å redusere straumforbruket, men så langt har ein ikkje hatt midlar til innfasing av LED. Enovastøtta opphøyrde i 2017.

Det er behov for nærmare gjennnomgang av organiseringa av teknisk eining. Eininga består i dag av hovudområda (1) forvaltning, (2) driftsavdeling, (3) eigedomsavdeling og (4) reinhald. Teknisk utval har gjort ei vurdering av strukturen etter kommunestyrevedtak 016/22 av 28.04.22. Tilrådd modell bør vere utgangspunkt for vidare arbeid.

Det er behov for vesentlege innvesteringar i vatn- og avløpsanlegg komande år. Ny hovudplan er klar til godkjenning innen utgangen av 2022. Opptrapping av investeringane vil påvirke det samla kostnadsbildet både for privathushaldningar og bedrifter. Dette i tillegg til at vi no generelt sett står i ein situasjon med aukande renter og høg prisvekst.

Grunna vanskelege og ikkje-påreknelege grunnforhold, samt ekstraordinær løns- og prisstigning i prosjektperioden, vil det påløpe vesentlege meirkostnader i det pågåande mudringsarbeidet i Gjøsund hamn. Av omsyn til kommunens posisjon som byggherre vs. entreprenør, viser ein til orientering gitt til formannskapet 17.10.22 i F-sak 114/22. Etter inngått forskutteringsavtale med staten kviler all risiko på kommunens hand.

Det er igangsett prosjektarbeid for utvikling av Gjøsundet som hamn- og næringsområde. Prosjektarbeidet skjer i regi (prosjektleiing) av PwC Ålesund. Målsetting for arbeidet er å utvikle ein prosjektplan som beskriv korleis Gjøsundet som hamne- og næringsområde best kan utviklast i eit kortsiktig og langsiktig perspektiv. Prosjektplanen skal innehalde mål, aktivitetar og beskrivelse av roller/ansvar for å følge opp det vidare arbeidet. Det skal utviklast plan for organisering av utviklings- og driftsfase - herunder vurdering av selskapsform og eigarstruktur. Arealbehov med fordeling på funksjonar og tenester skal vere definert. Prosjektplanen er forutsett å vere ferdigstilt i løpet av våren 2023 og vil utgjere eit viktig beslutningsgrunnlag for vidare forvaltning av kommunens næringsareal.

I det føreståande arbeidet med rullering av arealdelen i kommuneplanen er det avgjerande å kunne arbeide vidare med dei styringssignal som er gitt i samfunnsdelen for framtidig busetnadsmønster, tettstad-/senterstruktur, trafikkmønster, trafikktrygging, kollektivtransport, næringsutvikling, landbruk/jordvern, struktur for skule- og helsetenester mm. Slik sett vert arealdelen ikkje berre ein plan for arealdisponering, men også ein plan for utbyggingstakt og ein viktig premissleverandør for kostnader med kommnual tenesteyting og kostnader med framføring av øvrig teknisk infrastruktur.

Ansvar 5000 Byggesak - Sjølvkost

Byggesak står til ei kvar tid i spennet mellom kunde, søkjar, lovverk og politisk vedtekne planar. Som tidlegare påpeika - sist i årsmeldinga for 2020 - er dispensasjonsgraden i Giske alarmerande høg. I den grad dispensasjonsgraden er eit uttrykk for at den faktiske politiske vilje ikkje samsvarar med overordna regelsett i kommuneplanens arealdel - så må aktuelle regelsett vurderast/justerast i den føreståande rulleringa av arealdelen. Det er difor avgjerande at rulleringsarbeidet blir prioritert.

Bemanningsituasjonen har vore kritisk over lengre tid med notorisk underbemanning kombinert med stor turnover. Arbeidet med rekruttering, opplæring og behalde tilsette over tid, vil alltid vere særleg utfordande i ein liten organisasjon. Situasjonen pr. i dag - med tre av fire nytilsette sakshandsamarar - fordrar ekstraordinær tilnærming.

I prognose for månadsrapport for oktober har ein etter prognose meldt om manglande gebyrinntekter på 1,5 mill. ved utgangen av året. Pr. dags dato ligg dekningsgraden på 34% i høve budsjetterte inntekter. Ein har ikkje ikkje tilgjengelege sjølvkostmidlar (fond) på området og kommunen må dekke manglande gebyrinntekter.

Dei siste fem åra har kommunen til saman dekt om lag kr 6 mill. i manglande gebyrinntekter. Det er eit tankekors at kommunen ikkje har valgt å finansiere opp tilstrekkeleg produksjonskapasitet gjennom gebyrauke.

For budsjettåret 2023 tilseier sjølkostberekningane eit driftsbudsjett på kr. 3,3 mill. Ut frå bemanninssituasjonen (produksjonskapasiteten) og påløpte restansar, må ein ta høgde for at det vert vesentleg underdekning i gebyrinntektene) også for budsjettåret 23.

Grunna arbeidssituasjonen har ein ikkje prioritert raportering for året 2021. Gitt dagens situasjon kan ein heller ikkje pårekne at ein maktar å gjennomføre rapportering for inneverande år.

Ansvar 5210 Feiing og tilsyn - Sjølvkost

Kommunen kjøper tenesta frå Ålesund kommune.

Ansvar 5410 Oppmåling - Sjølvkost

Kommunen kjøper oppmålingstenester frå to ulike landmålarføretak. Gebyrområdet har over fleire år hatt jamn- og god produksjon. Gebyrsatsane vart reduserte for inneverande for å kunne redusere eldste delen av opparbeidd sjølvkostfond.

Ansvar VAR - Vatn, avløp og renovasjon: 6200 Vassforsyning, 6300 Avløp og reinsing, 6350 Slamtømming. 6400 Renovasjon - Sjølvkost

Drift og vedlikehald av vassforsyninga, som saman med avløp og reinsing, slamtømming og renovasjon blir regulert av eige lov- og regelverk, og skal drivast innanfor særavgifter, er sjølvfinansierande. Noko vatn blir kjøpt frå Ålesund kommune sidan dette er nytta som reservevassforsyning, og ein må ha kontinuerleg flyt av vatn i leidningane. Vidare er teneste 3400 Behandlingsanlegg og teneste 3450 Leidningsanlegg eigne tenesteområde under sjølvkost, der det er store investeringsbehov.

Slam og renovasjon blir kjøpt frå - og er administrert av ÅRIM. Vi legg satsane til ÅRIM til grunn.

Ansvar 5500 Regulering - Ikkje sjølvkost, men vedteken sjølvfinansiert

Ny gebyrforskrift iverksett 01.01.2021. Regulering er ikkje eit vedteke sjølvkostområde, men gebyra forutset som prinsipp at området i størst mogleg grad skal vere sjølvfinansierande. For året 2020 var dekningsgraden 83%.

Grunna tørke i oppstarta/nye reguleringsplanar (gjeld i perioden 2020, 2021 og så langt i inneverande år) har ein for inneverande år budsjettert med gebyinntekter på kr. 445 000 . Samla driftsutgifter er budsjetterte til kr. 1,7 mill. Prognose pr. oktober tilseier eit årsresultat på om lag kr. 215 000.

Ansvar 5510 Plan

Består av overordna planarbeid:

  • Rullering av kommuneplanens samfunnsdel forutsettast sluttført i løpet av 2022.
  • Rullering av kommuneplanens arealdel vert å starte opp i løpet av vårparten 2023.

Vi er første generasjon som handfast opplever menneskeskapte klimaendringar. Samstundes er vi den siste generasjon som realistisk sett kan påverke (redusere/bremse) desse. Møre og Romsdal fylkeskommune har sett seg som mål å vere berekraftsfylke nr.1. Plan for Areal, Klima og Transport (PAKT) er no vedteken for Ålesundsregionen.

Implementering av FNs berekraftsmål vurderast som avgjerande i all kommunal planlegging og er elles i samsvar med forvaltningsansvaret som kommunen har etter plan- og bygningslova § 1.

Det er avgjerande at ein i arealdelen arbeider vidare med dei styringssignal som er gitt i samfunnsdelen for framtidig busetnadsmønster, tettstad-/senterstruktur, trafikkmønster, trafikktrygging, kollektivtransport, næringsutvikling, landbruk/jordvern, struktur for skule- og helsetenester mm. Slik sett vert arealdelen ikkje berre ein plan for arealdisponering, men også ein plan for utbyggingstakt og ein viktig premissleverandør for kostnader med framføring av teknisk infrastruktur.

Ansvar 5100 Eigedomsavdeling

Forvaltningsmessig er situasjonen særs kritisk. Grunna underfinansiering av forvaltning- drift og vedlikehald, har ein over lengre tid opparbeidd seg eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Etterslepet vurderast å vere på 100 mill. kroner

For enkelte av bygga er situasjonen pr. dags dato slik at konsekvensane av tidlegare manglande/mangelfullt vedlikehald verkar sjølvforsterkande. Tilstanden på desse bygga er difor allereie svært dårleg. Dette gjeld til dømes fleire av omsorgsbygga. Ein må pårekne at vedlikehaldsetterslepet komande år vil eskalere og tilsvarande forkorte det enkelte bygg sin levetid.

I eit berekraftsperspektiv fordrar rasjonell byggforvaltning meir enn rein funksjons-/verdibevarande vedlikehald. Gitt at ein skal kunne maksimere byggets brukstid/nytteverdi må ein ha midlar til oppgradering for å møte endra krav til funksjon (brukstilpasning) og energibruk. Pr. i dag har ein ikkje ressursar til dette - og har heller ikkje hatt dette over lang tid. Samla sett "forbrukar" ein bygningsmassen mykje raskare enn forventa levetid, med tilsvarande hyppigare - og totalt sett fordyrande syklus av sanering/nybygg.

Ansvar 5300 Brann- og oljevern

Giske kommune kjøper no tenesta frå Ålesund kommune. Giske kommune deltek i det Interkommunale utvalet mot akutt forureining IUA.

Ansvar 5400 Kommunalt kartverk

Lovpålagd teneste som ikkje er sjølvfinansiert. Omfattar drift- og oppdatering av alle kartopplysningar.

Kommunen har delteke i felles kartleggingsprosjekt saman med nye Ålesund kommune og Statens kartverk der sjøområda i kommunen er kartlagde. Det er undersjøisk topologi og grunnforhold som er kartlagt. Ut frå desse datasetta angis undersjøisk fauna og biologisk masse. Framtidig vidareutvikling/ kvalitetsheving i form av nykartleggingar på utvalde tema som til dømes forureiningspunkt, område med dårleg resipient, straumforhold osv må vurderast på lik linje med fortløpande kvalitetsheving av kommunens landbaserte kart.

Kartlegging av sjøområda vil vere eit avgjerande verkty for berekraftig planlegging- og forvaltning av sjøområda i kommunen. Marine grunnkart vil vidare vere viktig beslutningsgrunnlag for landbaserte aktivitetar/utbyggingar og andre menneskeskapte påverknader som har konsekvens for sjøområda. Formannskapet har i sak 115/21 den 20.09.21 gjort vedtak om å inngå intensjonsavtale med fylkeskommunen om ytterlegare styrking av marint kunnskapsgrunnlag i fylket.

Ansvar 5520 Grunnkjøp

Ein legg opp til budsjettmessig ressursbruk på om lag 2,3 stillingar. Ei stilling står vakant. Ei stilling kombinerast med nestleiarfunksjon for eininga. Arbeidet omfattar alt førebuande arbeid som omfattar kjøp/avhending av kommunal eigedom - både for det som er delegert til kommunedirektøren - jf delegeringsreglementet kap 7, samt saker lagt fram for formannskapet.

Arbeidet med utbyggings- og avhendingsporteføljen i samsvar med økonomiplan (prosjekt 5121) har vore særs arbeidskrevjande. Arbeidet har i realiteten hatt karakter av å vere eigedomsutvikling snarare enn tradisjonell avhending. Etter planen skulle ein avhende areal for å kunne finansiere utbygging av tekniske anlegg på andre områder. Føremålet med slik utbygging av tekniske anlegg er å kunne selge som byggeklare tomter. Grunna manglande kapasitet og eit ellers stilt marked har ein ikkje lykkast i å finansiere utbygging av mellom anna tidlegare Skjong barneskule samt Jusspimarka/Sundnesmarka. Prosjekt 5121 vart difor omgjort til eit reint avhendingsprosjekt (avhending av råtomtareal) frå og med 2022.

Ansvar 6100 Veganlegg

Ansvarsområdet dekkjer drift av veganlegg, gatelys, gravferdsteneste, parkar og plassar. Ansvarsområdet er ikkje sjølvkostfinansiert

Snøbrøyting/vinterdrift:

Giske kommune har i dag 7 brøyteroder. Av desse brøyter kommunen 1 rode sjølv. Giske kommune set opp brøytestikker for alle rodene. Giske kommune strør sand for alle rodene utanom rode T6 Godøya. Det er i dag ca. 88 km med kommunal køyreveg og ca. 20 km med gang- og sykkelveg i kommunen.

Drift og vedlikehald av gatelys er hovudsakleg delt inn i to budsjettpostar "Straumutgifter" og "Vedlikehald anlegg":

Giske kommune har ansvar for drift og vedlikehald for ca. 3100 gatelys. Dette er gatelys på kommunale vegar, fylkesvegar og delar av riksveg i kommunen. Drift og vedlikehald av gatelys på riksveg og nokre av fylkesvegane får vi refusjon frå Statens vegvesen og Fylkeskommunen. På fylkesveg får vi refusjon på dei vegane med ÅDT over 1200. Størsteparten av drifts- og vedlikehaldskostnadane er naturleg nok i vinterhalvåret med tilsvarande reduserte kostnader sommarhalvåret.

Parkar og plassar:

Sjølv med auka overføringar frå kyrkja er tenesta framleis underfinansiert og underbemanna. I realiteten er park-/kyrkjegardstenesta heilt avhengig av støtte (bemanning) frå VAR-området for å kunne gå rundt. Dette er kryssfinansiering frå sjølvkostområdet (abonnentane) som ikkje er lovleg. Ei oppjustering av driftsmidlane er difor påkrevd gitt at ein skal kunne halde parktenesta på dagens nivå.

Styringskort og styringsindikatorar

Styringskort og styringsindikatorar

FOKUSOMRÅDE MÅL MÅLINDIKATOR RESULTATMÅL 2023
BRUKARAR:
Abonnentar Sikre trygg leveranse Rangering i kostra samt effektivitetsbarometer samt eigne laboratorieanalyser for vatn. Avklare opptrappingsplan for gebyrområda i samsvar med hovudplan for vatn og avløp
Søkjarar Saksbehandling i samsvar med lov, forskrift og kommunale planar innan tidsfrist Rangering i kostra Alle saker skal handsamast innan frist
Brukarar av føremålsbygg Tilby bygg med ein akseptabel (minimum) standard Rangering i kostra samt kommunens eige FDV-system (IK-bygg) Ingen: Budsjetterte midlar går fullt ut til å dekke fortløpande drift
MEDARBEIDARAR: Behalde- og rekruttere rett kompetanse Målstruktur og målformulering må synleggjerast - Er ikkje klart nok definert på einingsnivå. Avklare behov for kompetanse på ansvar-/tenesteområde
Sikre naudsynt kompetanseutvikling Behovskartlegging gjennom medarbeidarsamtaler
Sikre trivsel i ein økonomisk krevjande situasjon Synleggjere/forklare føremål og effekt av budsjett i balanse.
ØKONOMI: Auka ressurstilgang til eininga for å sikre bemanning for oppgåver utanfor sjølvkostområda. Grad av samsvar mellom forvaltningsområde/lovområde - slik desse går fram av delegeringsreglementet - og bemanningsgrad/stillingsprosent på det enkelte ansvars- og tenesteområde. Gjennomgang av delegeringsreglementet samt effektuere ny vidaredelegering frå kommunedirektøren
God økonomistyring Avvik i % av vedteken netto driftsramme, Månadleg rapportering ≤0