5 Oppvekst

1. Introduksjon

Rammeområde 5 oppvekst omfattar barnehage, grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring. Barnehagane og skulane i Giske kommune arbeider målretta og langsiktig med å utvikle varige betre praksisar. Det er fokus på inkluderande praksis der barnet kan erfare «Det var bra eg kom!». Barnet skal være i sentrum, læring og utvikling skal være sosial og ha fokus på samarbeid. Barnet sin motivasjon/emosjonar er vektlagd og forkunnskap og individuelle forskjellar vil være ein ressurs. I oppvekst Giske skal barnet bli utfordra utan å verte overbelasta. Vurdering blir brukt som læringsmål og framovermelding. Barnet skal erfare samanheng på tvers av fag/aktivitet/grupper i og utanfor barnehagen og skulen.

Tenestene i oppvekst skal utviklast i samhandling med dei andre tenesteområda i kommunen og i tråd med sentrale og lokale styringssignal. Det er to kommunale barnehagar og fem grunnskular som alle er sjølvstendige resultateiningar. Det er skulefritidsordning – SFO – ved alle barneskulane. Det er etablert ein felles ungdomsskule. Oppvekst har også ansvar for finansiering og oppfølging av seks private barnehagar. Spesialpedagogisk team er organisert i stab og har ansvaret for fagleg utviklingsstøtte til barn med spesialpedagogiske vedtak i barnehagealder. Teamet bidrar også til kompetanseutviklinga for barnehageområdet. Det er søkt og innvilga OU-midlar til leiarutvikling for oppvekstsektoren. Prosjektet blir avslutta våren 2023.

2. Kjerneverksemd

2. Kjerneverksemd

Kjerneverksemd Tal brukarar 2021 Tal brukarar 2022 Årsverk 2021 Årsverk 2022
2 komm. bhg 114 109 24,8 29,1
6 priv. bhg 432 438 - -
Spesped bhg ** 25 19 5,5 5,7
Norsk og samf. for innvandrarar *** 8 17 - -
Grunnskule vaksne 2 4 - -
Administrasjon oppvekst - - 3 3
* GSI (Grunnskolens Informasjonssystem)
** BASIL (Barnehagens Statistikk og Innrapporteringsløsning)
*** Giske kommune kjøper tenesta frå Ressurssenteret på Hareid, og har difor ikkje eigne tilsette.
****assistent til barn med behov for ekstra støtte er medrekna i årsverk for kommunale barnehagar
Alle tal i heile 1 000 kroner

3. Diftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag

3. Diftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag

Teneste 5 Oppvekst Regnskap 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026
2110 FØRSKULE OG PRIVATE BARNEHAGAR 81 229 80 142 89 386 89 386 89 386 89 386
2111 STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN 8 503 9 941 10 833 10 833 10 833 10 833
2120 GRUNNSKOLE 113 368 115 024 123 821 122 999 122 938 122 989
2121 PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE 1 253 1 045 1 099 1 099 1 099 1 099
2130 VAKSENOPPLÆRING 1 339 3 721 4 475 4 475 4 475 4 475
2150 SKOLEFRITIDSTILBOD 2 416 1 510 2 120 2 120 2 120 2 120
2220 SKOLELOKALER -3 0 0 0 0 0
2230 SKOLESKYSS 2 341 1 657 684 684 684 684
2423 MOT - PROSJEKTET 339 290 311 311 311 311
3830 KULTURSKULE 1 507 275 329 329 329 329
Sum ramme 5 Oppvekst 212 291 213 605 233 057 232 235 232 174 232 225

Grunnskule

Årsaken til auke i budsjettramma for grunnskule er knytt til lønns- og prisvekst, endring i demografibildet, samt endring i leseplikt for kontaktlærarar. Det er prioritert lovleg drift i grunnskule knytt til lærarnorm, symjeopplæring, faget fysisk aktivitet og leksehjelp. Budsjettet er justert med 3,7 million i løpet av 2022.

Driftstilskot private barnehagar

  • Driftstilskot blir utrekna med utgangspunkt i rekneskapen for kommunale barnehagar to år i forvegen (2021). For å kompensere for løns- og prisvekst blir tilskotsgrunnlaget justert med kommunal deflator for dei to påfølgjande åra (2022 og 2023). Anslag for deflatorane blir gitt i samband med statsbudsjettet.
  • Private barnehagar får eit pensjonspåslag på 11/10 prosent av lønnskostnadane i dei kommunale barnehagane (konsern/frittståande barnehagar).
  • Det blir gitt eit administrasjonspåslag på 4,3 % som skal dekkje barnehagane sin del av felles administrasjonskostnadar i kommunen som ikkje er med i utrekninga.
  • Private barnehagar i kommunar utan kommunale barnehagar får tilskot basert på nasjonale satsar, fastsett av Utdanningsdirektoratet

Kapitaltilskot private barnehagar

  • Private barnehagar får tilskot som skal dekke rente- og avskrivningskostnader. Satsane er fastsette av Utdanningsdirektoratet etter utrekninga gjort av Telemarksforsking.
  • Kapitaltilskotet er minimum 11 800 kroner per heiltidsplass. Barnehagar som er nye eller har fått godkjent utviding av areal, får større tilskot som er avtakande med alder på bygga.

4. Utfordringar og mål

4.1 Utfordringsbilete

  • Det er stor usikkerheit knytt til kostnadsbildet for overføringar til private barnehagar, samt overkapasitet i barnehage
  • Oppgåver og samfunnsendring gjer arbeidet med barn og unge meir komplekst og samansett, krev nye praksisar og forpliktande samhandling
  • Korleis kan vi levere tenester i tråd med normer, lov og forskrift ?
  • Korleis uvikle god og systematisk tidleg innsats gjennom m.a «På sporet» og BU-modellen?
  • Korleis realisere Fagfornyinga gjennom samla innsats rundt det pedagogiske utviklingsarbeidet i skulane?
  • Korleis løyse mange komplekse prosjekt med redusert saksbehandlingskapasitet i stab? Fagfornyinga, kompetanseløft og oppvekstreform, handlingsplan mot mobbing og felles system og struktur i heile sektoren. BTI, velge og implementere digitalt samhandlingsverktøy
  • Korleis sikre tid og rom for kompetansehevinga for tilsette i SFO?
  • Arbeid med rett kapasitet og rekruttering for rett kompetanse i barnehageområdet
  • Fokus på leiarutvikling og tillit
  • Sikre gode overgangar mellom barnehage og skule, barneskule og ungdomsskule
  • Utvikle arenaer for samhandling i laget rundt barnet, avklare roller
  • Tilpassing innafor det ordinære tilbodet skal ha fokus i barnehage og skule
  • Vidareføre arbeidet med TALK-prosjektet
  • Fleire barn, unge og vaksne signaliserer auka sårbarheit og dermed forventning om støtte og hjelp

Demografisk utvikling

KS demografimodell

Demografimodellane som er utarbeidde av KS, viser at utgiftsbehovet for grunnskule vil auke kraftig fram mot 2023 og vere høgare enn 2020 nivået fram til 2030. Utgiftene til barnehage vil bli kraftig reduserte fram mot om lag 2026.

4.2 Satsingsområde

Barnehage

Tenesteområde 2110 Førskule og private barnehagar

8 av 10 barn i Giske kommune går i private barnehagar. Rett barnehagekapasitet er eit kommunalt ansvar. Tilskot til private barnehagar er basert på kostnader i kommunale barnehagar to år tilbake, med indeksregulering og justerte pensjonsutgifter. Det er gjennomført omfattande innsparingar i dei kommunale barnehagane. Stykkprisen for 2022 er hausten utrekna til kr 198 437 (for andre ordinære barnehagar) / 202 722 (enkeltståande barnehagar) per år for barn under tre år og kr 93 333/95 714 per barn over tre år. Giske kommune sine satsar for driftstilskot var lågast i lander våren 2022. Det er ulike satsar for enkeltståande barnehagar og barnehagar i kjede. Sum drifts- og kapitaltilskot blir betalt ut frå barnetal per 15.12.2022. Dei to kommunale barnehagane lokalisert på Giske og Vigra har 109 barn og driftar med lågaste driftskostnad per barn i landet. Økonomien i barnehagedrifta er sårbar med tanke på pålagd fagleg kvalitet og barnehagekapasitet. Leiarane i private barnehagar er med på styrarmøte og fagdagar i oppvekst.

To av barnehagane har kristen formålsparagraf: Daggry barnehage på Valderøya og Tryggheim barnehage på Godøya. Tryggheim ynskjer å byggje ny barnehage og har søkt om dette over tid. Barnehagekonsernet Gnist Barnehager AS eig Gnist Nordstrand og Gnist Sætra er no kjøpt opp av Norlandiakjeden. Skjong barnehage og Myra barnehage er foreldreeigde. Regjeringa legg til grunn at det skal være 50% pedagogar i barnehagane frå august 2025, noko som inneber ei ca 10 % fagleg styrking, med kostnadsauken det inneber. Regjeringa vedtok også at 25% av dei tilsette skal vere barne- og ungdomsarbeidarar. Det er fokus på språk, adferd og tilpassing innafor det allmenpedagogiske for å utvikle ein meir inkluderande praksis også i barnehagane.

Tenesteområde 2111 Styrka tilbod til førskulebarn

Kommunen gir tilbod til førskulebarn med særskilte behov i både private og kommunale barnehagar. Førskuleteamet gir spesialpedagogisk tilbod i barnehagane og i tillegg finansierer kommunen assistentstøtte til barn med særskilte behov, omfanget har auka.

Grunnskule

Giske kommune har frå november 2021 fire barneskular: Vigra skule, Valderøy barneskule, Godøy skule og Giske skule. Giske ungdomsskule samlar ungdomstrinnet i kommunen.

Netto driftsutgifter per barn 6-15 år i Giske kommune var i 2021 på 121.811 kroner, for kommunegruppe 1 var utgiften på 131.935, differansen utgjer ca 12 mill. Jf. Kostra.

Frå 2019 gjorde skulane betydelege sparetiltak, noko som resulterte i drift under lovleg norm. Frå 2022 er skulane drifta opp til lærarnorm. Talet på årstimar til undervisningspersonale er redusert med ca. 5,9 %, eller nesten 4 600 timar. Dette er gjort på kort tid og medfører derfor at vi på nokre område ikkje klarer å oppfylle lovpålagde tenester - sjå nedanfor.

Giske kommune har digitalisert med nettbrett 1:1 i skulane og det er starta ei investering i pc-ar til ungdomstrinnet.

TALK-arbeidet fokuserer på elevar som er diagnostisert med ASF-H (Autismespekterforstyrring, høgtfungerande). Dette prosjektet har gått i grunnskulen i fleire år. Helse- og omsorgssektoren er også i gang med dette arbeidet.

Betre inkluderande praksis og tidleg innsats

Frå hausten 2022 skal opplæringa vere i tråd med minstenorm for lærartettleik og det stort fokus på felles kvalitetsutvikling innafor fagområdet inkluderande praksis med felles retning for heile oppvekstsektoren. Kompetanse handlar her om å utvikle varige betre praksisar – bruke dei viktige timane barn og unge er på skulen, til å gjere meir av det som har best effekt.

Elevane får no symjeopplæring, faget fysisk aktivitet og tilbod om leksehjelp. I tillegg til ressursar til lærarnorm kjem ein tidsressurspott med to årstimar per elev, og ein innleiande ressurs for ungdomssteget med 57 årstimar per klasse. Skulane må og ha ressurs til kontaktlærarteneste med 28,5 årstimar per kontaktlærar, og nedsett undervisningstid for nyutdanna lærarar dei to første åra, samt redusert leseplikt for lærarar over 57 år.

Kompetente lærarar

Dei nyutdanna lærarane har no kompetanse på masternivå.

I ordninga "Kvalitet for kompetanse" kan lærarar få vidareutdanning for å møte kvalifikasjonskrava. Ordninga er eit spleiselag mellom stat, kommune og den enkelte deltakaren, der staten betaler vikar etter fastsett sats for lærar som tek godkjend vidareutdanning i utvalde undervisningsfag. Kommunen betaler bøker og utstyr samt reise og opphald i samband med studiet. Deltakaren får permisjon i 37,5% stilling. Studiet er sett til 50% arbeidsbelastning. 12,5% stilling er dermed deltakaren sitt bidrag i "spleiselaget".

Spesialundervisning

Kommunestyret har sett i verk eit arbeid for å redusere omfanget av spesialundervisninga og inkludere fleire elevar i den ordinære tilpassa opplæringa. 10,84 % får spesialundervisning i 2022/23. I 2021/2022 fekk ca. 9,7 % av elevane spesialundervisning, og 25,2 % av samla undervisningstimane blei brukt til dette.

Utfyllande informasjon om skulesektoren er å finne i Skoleporten og i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem).

Skulebygg

I 2017 fekk kommunestyret presentert rapportar, utført av Norconsult, som viser eit klart behov for utbygging og oppgradering av skulebygga. Mest prekært er behovet på Vigra skule. Godøy skule har fått noko oppgradering gjennom arbeidet med å samle 1-7. Både på Godøy og Vigra skule manglar tilrettelagd uteområde.

Giske ungdomsskule har fått på plass modulbygg for å romme ein større elevflokk. Det er satt av midlar til renovering av skulekjøkkenet. Det er gjort tiltak for å tilrettelegge Godøy skule som 1-7. Elevar ser ut til å trenge støtte til Livsmeistring i større grad enn før. Årsakane er samansette og må også sjåast i samanheng med pandemien.

Årsverk i grunnskulen

Årsverk i grunnskulen

2021-22 2022-23
Rektor/avdelingsleiar * 9,8 9,8
Undervisningspersonale ** 107,3 119,1
Assistent/anna elevretta arbeid *** 30,6 21,28
Kontor 1,6 1,6
Kjelde: Data rapportert i GSI (Grunnskolens Informasjonssystem (https://gsi.udir.no) 1. oktober 2022.
*Alle avdelingsleiarstillingar er no tilsett, nokre er konstituert
**Ønska dreiing å redusere bruk av assistent til fordel for lærarkompetanse. Opplæringa ligg no nærare tidleg innsats/lærarnorm.
***Nye brukarar med behov for ekstra støtte

Elevtal

Elevtal

Skule 1. kl. 2. kl. 3. kl. 4. kl. 5. kl. 6. kl. 7. kl. Sum 1.-7. klasse 8. kl. 9. kl. 10. kl Sum 8.-10. klasse
Giske skule 15 14 18 11 12 11 9 90 88
Godøy skule 17 19 21 17 23 13 17 127 129
Valderøy barneskule 69 65 66 61 58 56 66 441 433
Giske ungdomsskule 131 108 147 386 386
Vigra skule 25 30 30 26 25 23 24 183 189
I alt 126 128 135 115 118 103 116 841 147 107 124 386 1227
Tal henta frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem) https://gsi.udir.no

Teneste 2121 Pedagogisk rettleiingsteneste

Pedagogisk rettleiingsteneste omfattar fagleg pedagogisk støtte til system, struktur og individsaker i oppvekst skule. Fokus er på å utvikle inkluderande, likeverdige tilbod. Ansvar for planlegging, koordinering, støtte til forsøk og arbeid med søknadar om midlar frå fylke og stat. Einingane får samlande oppfølging av sine planar og rapportar for mest mogleg felles kommunale planar og prosedyrer. Ansvar for kurs og rettleiing til leiarar, fellesutgifter til kurs (inntekter og utgifter), midlar til kommunalt foreldreutval og interkommunalt arbeid blir også ført her. Giske kommune har ein tilsett knytt til denne tenesta.

Teneste 2130 Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar både grunnskule, spesialundervisning på grunnskuleområdet for vaksne, samt opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar med rett og plikt til slik opplæring etter introduksjonslova § 17. Kommunen får tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Grunnskuleopplæring for vaksne skal dekkjast av rammetilskotet. Tilskotet til norsk og samfunnskunnskap er todelt med eit grunntilskot på 610 000 kroner per år og persontilskot på 146 600 fordelt på tre år. Så langt i 2022 har vi motteke noko over 1 mill.

23 personar får for tida opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Giske kommune kjøper denne tenesta frå Hareid ressurssenter. Deltakarane får dekt kostnad med hurtigbåt til Hareid. Giske kommune har ikkje tilbod til arbeidsinnvandrarar frå EØS-området, som ikkje har rett på gratis opplæring og heller ikkje plikt til å ta norskopplæring. Desse blir vist til ei av nabokommunane våre som har tilbod til betalingselevar. Deltakarar som har arbeidsgivar, kan få norskopplæring betalt gjennom den statlege støtteordninga Kompetansepluss.

Fire vaksne får for tida grunnskuleopplæring etter § 4 A-1 i opplæringslova. Denne tenesta blir også kjøpt frå Hareid kommune og frå Ålesund kommune. Deltakarar i grunnskuleopplæring har rett til gratis skuleskyss.

Teneste 2150 Skulefritidsordning (SFO)

SFO-tilbodet skal vere eit likeverdig tilbod til alle barn i 1.-4. årstrinn og til barn i 5.-7. årstrinn som har særskilte behov. Nasjonal Rammeplan for SFO kom i juni 2021. Både den og Fagfornyinga har tydelege forventningar om kompetanseutvikling for tilsette. Kommunen dekkjer ekstra kostnader til barn som har særskilte behov for tilrettelegging. Det er innført gratis kjernetid i SFO. Utover dette skal foreldrebetalinga dekkje kostnadene for tilbodet. Sjølvkost for SFO inkluderer utgifter til lokale. Frå hausten 2021 ser vi ei sterk auke i søknader om nedsett betaling i SFO, betalinga skal ikkje overskride 6 % av husstanden si inntekt. Barn med særskilde behov i 5.-7. klasse har rett på gratis SFO.

Teneste 2230 Skuleskyss

Elevar som bur meir enn 4 km frå skulen - rekna frå dør til dør - har rett på gratis skuleskyss. For elevar i første klasse er grensa 2 km. Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skuleskyss, har rett til skyss uavhengig av avstand. Elevar kan også ha rett til skuleskyss på grunn av trafikkfarleg veg. Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyssen, og kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarar enkeltbillett.

Teneste 3830 Kulturskule

I 2020 blei kulturskulen underlagt Valderøy barneskule. Tilbodet ved skulen har blitt tilpassa den økonomiske situasjonen og slik redusert. 72 elevar mister tilbod i kulturskulen med opplæringstilbod i gitar, piano og trommer. Kulturskulen er tidleg innsats for livsmeistring og utgjer første trinn i omsorgstrappa. Med dagen ramme blir kulturskuletilbodet gitt til dans 133 elever
Kunst: 30 elevar, Sang/messingblåseinstrument: 17 elever.

Nøkkeltal per 1. oktober

Kulturskule

Kulturskule

Kulturskulen 2019-20 2020-21 2021-22 2022-23
Musikkundervisning 133 123 106 71
Visuelle kunstfag 30 30 23 30
Teater 17 0 0
Dans 130 129 137 133
Andre kunst- og kulturuttrykk 0 0 0
Samla elevtal 310 282 266 235
Årsverk 2,96 2,62
Rektor/inspektør 0,92 0,7 0,2 0,2
Kontorhjelp 0 0 0 0
Årsverk til undervisning 4,62 3,33 2,96 2,42

4.3 Styringskort og styringsindikator

4.3 Styringskort og styringsindikator

Fokusområde Mål Måleindikator Resultatmål 2023
Brukarar God kvalitet i oppvekst Systemretta tiltak i alle einingar for lovfeste tidleg innsats (§ 1-4)
God kvalitet i barnehage Andel tilsette med utdanning som barrnehagelærar 50 %
Andel tilsette med fagarbeidarutdanning 33 %
Brukartilfredsheit totalt 4,6
God kvalitet i skule Grunnskulepoeng 45
Elevar på meistringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing på 8. trinn (prosent) 69,5 %
Elevar på meistringsnivå 3-5, nasjonale prøver i rekning på 8. trinn (prosent) 63,8%
Elevundersøking trivsel (skala 1-5) 4,5
Medarbeidarar Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar Nærvær 96 %
Økonomi God økonomistyring Avvik i % av vedtatt netto driftsramme +/- 0