6 Barn, familie og helse

Ramme 6 omfattar eining Barn, familie og helse. Eininga har følgjande tenester: legeteneste, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, fysio/ergo, logoped, psykisk helseteam barn og unge, PPT, barnevernteneste, hjelpemiddel, helsestasjon og skulehelseteneste, flyktningteneste og introduksjonsprogram.

2. Tenesteområde

2. Tenesteområde

Tenesteområde Tal brukarar sep 2020 Tal brukarar sep 2021 Tal brukarar sep 2022
PPT inkl. logoped PPT: 96 aktive saker, 62 nye henvisningar. Logoped: 100 brukarar PPT: Tal brukarar 96, logoped: 7 60 nye henvisningar, venteliste 10, fristbrot 5
Helsestasjon og skulehelseteneste, inkl. jordmorteneste Helsestasjon 2500, jordmor 100 Helsestasjon: 2500, jordmor : 120 Helsestasjon: 2500 Jordmor: 100
Diagose og behandling 7790 7985 om lag 8000
Frisklivssentral - - -
Fysio/ergo inkl. kvardagsrehabilitering og hjelpemiddellageret Fysioterapitenesta ca 120, ergoterapi 45, kvardagsrehabiliteringsteamet 65, 7900 hjelpemiddel Fysio 120, ergo 45, kvardagsrehabilitering 65, hjelpemiddel 7900 Fysio 110, ergo 40, kvardagsrehab 58
Psykisk helseteneste barn og unge 50 (1 årsverk) 68 95
Barnevern og barnevernstiltak 84 brukarar, 61 mottekne meldingar, 59 medtiltak i heimen, 5 barn under omsorg, 7 barn i fosterheim . Tal brukarar 63, tal mottekne meldingar 84, tal hjelpetiltak 48, tal fosterheim 7, tal tilsynsansvar 8 Aktive saker 58 Nye meldingar 68 Hjelpetiltak 58 Fosterheimar 7 Tilsyn i fosterheimar 10
Tildelingskontor Tal brukarar: 843, tal tenester: 3099, tal e-meldingar: 13425 Tal brukarar 855, tal tenester 3271, tal elektroniske meldingar 17 000. Tal elektroniske meldingar 17 406 Vedtak 748
Flyktningteneste 64, 13 på introduksjonsprogram 64. 13 på introduksjonsprogrammet 65. Intro: 13
Alle tal i heile 1 000 kroner

3. Driftsbudsjett - kommunedirektøren sitt forslag

3. Driftsbudsjett - kommunedirektøren sitt forslag

Teneste 6 Barn, familie, helse Regnskap 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026
1260 SAKSBEHANDLING - FELLES 106 105 251 251 251 251
2111 STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN 874 1 302 1 092 1 092 1 092 1 092
2120 GRUNNSKOLE 2 151 2 565 2 490 2 490 2 490 2 490
2130 VAKSENOPPLÆRING 223 382 283 283 283 283
2320 FØREBYGGING HELSESTASJONS- OG SKULEHELSETENESTE 5 024 6 143 6 908 6 908 6 908 6 908
2330 FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL 708 754 758 758 758 758
2340 AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA 1 391 1 231 1 260 1 260 1 260 1 260
2410 DIAGNOSE OG BEHANDLING 14 412 13 301 14 557 14 857 14 857 14 857
2411 FYSIO-/ERGOTERAPITENESTE 4 887 4 617 5 221 5 221 5 221 5 221
2412 PSYKISK HELSEVERN 1 394 16 1 085 1 849 1 849 1 849
2413 FRISKLIVSSENTRAL 1 0 0 0 0 0
2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING -103 -72 -72 -72 -72 -72
2421 FLYKTNINGKONTOR 1 142 1 092 2 720 2 720 2 720 2 720
2440 BARNEVERNTENESTE 4 703 7 555 7 382 7 382 7 382 7 382
2510 BARNEVERNTILTAK I FAMILIEN 3 386 2 443 3 006 3 006 3 006 3 006
2520 BARNEVERNTILTAK UTANFOR FAMILIEN 3 453 6 120 5 659 5 659 5 659 5 659
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 2 293 2 514 2 556 2 556 2 556 2 556
2750 INTRODUKSJONSORDNINGA 1 468 2 800 2 388 2 388 2 388 2 388
Sum ramme 6 Barn, familie, helse 47 513 52 870 57 544 58 608 58 608 58 608

Oppvekstreforma/barnevernsreforma vart gjeldande frå 1.1.2022. Dei mest krevjande oppgåvene i reforma ligg til barnevernstenesta med nytt ansvar for institusjon og fosterheim, ut over det ligg reforma til heile organisasjonen å følgje opp. Det krev mellom anna tett samarbeid mellom ei rekke tenester. Det ligg ikkje ytlegare styrking i budsjett 2023 til oppfølging av barnevernsreforma/oppvekstreforma. Statistikk frå SSB viser at 28% av innbyggjarane i Giske kommune er mellom 0-20 år. Denne veksten påverker tenestene i eininga i særs stor grad. Tverrfagleg samarbeid er vektlagd. Det er framleis nasjonal satsing på helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Desse tenestene søkjer vi tilskot til frå staten for å styrkje bemanninga.

Psykisk helse og rus er også ei nasjonal satsing. Vidare er satsing og fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi stor. Frå 2020 vart velferdsteknologi integrert i helse- og omsorgstenestene. Giske kommune har hatt stort fokus på dette sidan 2015 og har kome langt i arbeidet. Giske kommune deltek i interkommunalt samarbeid og kjøper tenester hjå andre kommunar knytt til legevakt natt, barnevernvakt, krisesenter, overgrepsmottak og kjøp av tenester legesenter.

Årsak til auke i budsjett 2022 til budsjett 2023 med kr 4,6 mill:

  • Auke i utbetaling av basistilskot fastlegane og auke i kostnader kjøp av tenester med kr 1,5 mill. Basistilskotet vert delvis finansiert gjennom tilført midlar i ramma.
  • Flyktningtenesta er styrkja med kr 1,6 mill grunna auke tal flyktningar.
  • Generell løns- og prisvekst.

Driftstiltak 2023:

  • Halde stilling vakant 10 mnd, psykolog.
  • Oppretting 20 % barnekoordinator
  • Auke i utgifter til fastlegeordninga
  • Flyktning, Ukraina. Fellestiltak med ramme 4 og 5.
  • Samhandling for rette tenester. Fellestiltak med ramme 5, 4 og 7.

4. 1 Utfordringsbilde

  • Eininga har redusert stilingar i fleire tenester frå 2019 til 2022. Utfordringa blir å klare å levere lovpålagde tenester med denne reduksjonen. Ytterlegare reduksjon vil føre til at vi må legge ned tilbod og nokre av oppgåvene må eventuelt overførast til andre tenester. Tilbodet til brukarane vil bli redusert og mange vil ikkje få tilbod om tenester. Andre tenester innan organisasjonen får konsekvens, til dømes omsorg og oppvekst.
  • Rekruttering av tilsette med naudsynt kompetanse, som må kunne løyse stadig fleire oppgåver i mindre fagmiljø. Oppgåver som blir overført frå Helseføretaket til kommunalt nivå, gjer at vi må yte meir spesialiserte oppgåver. Vi må yte meir til fleire.
  • Digitalisering og å ta i bruk dei verktøya vi allereide har. Erstatte individuell oppfølging med digitale hjelpemiddel.
  • Fastlegeordninga er i endring og rekruttering av fastlegar kan vere ei utfordring. Basistilskot til fastlegane auka i 2022. Denne vert ikkje fullt ut finansiert frå staten. Kommunen får difor ein kostnad knytt til dette i 2023.
  • Levere lovpålagde tenester innan budsjettramma.
  • Halde lovpålagde fristar i barnevernstenesta og PPT.
  • Førebu arbeidet med å bygge opp naudsynte hjelpetiltak for å i møtekome krava i Barnevernsreforma som trådde i kraft frå 2022.
  • Frå 01.08.22 vart det lovpålagt at kommunane skal ha ein barnekoordinator for familiar med store og samansatte behov. Ressursane som er avsett til dette tilsvarer ei styrking av arbeidet med om lag 20%. Vi må i tillegg bruke eksisterande ressursar for å i møtekome lovkrava. Arbeidet med betre tverrfagleg samhandling (BTS) vil også bidra til å nå måla om betre koordinering av tenestene for målgruppa.
  • Nødvendige omstilingsprosessar skal gjennomførast med få leiarressursar. Omstillingsprosessar krev tett oppfølging og avdelingsleiarane som må arbeide med omstilling og samstundes bidra inn i den daglege drifta.

4.2 Moglegheit og fokusområde

  • Betre tverrfagleg samhandling (BTS)
  • Tidleg innsats og førebyggjande arbeid
  • Samanhengande tenester i organisasjonen. Vi bygger laget rundt barna. Samarbeid mellom helse, omsorg, oppvekst, NAV, legekontor og spesialisthelsetenesta.
  • Sikre samanheng i alle satsingane: Kompetansereforma, Inkluderande praksis, Betre tverrfagleg samarbeid, BTS-prosjekt. TALK-prosjektet, Oppvekstreforma/barnevernsreforma og barnekoordinator.
  • Bygge kapasitet og kultur for kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Digitalisering og bruk av ny teknologi.

Oversikt tal årsverk i eining barn, familie og helse

Oversikt tal årsverk i eining barn, familie og helse

Teneste 2019 2020 2021 2022
PPT, logoped 5 3,8 4,3 4
Helsestasjon, jordmor 10,3 10,3 10,3 10,3
Legetenesta 2,58 2,58 2,58 2,63 årsverk fast tilsett kommunale legar, 9 fastlegeheimlar
Fysio/ergo/kvardagsrehab 7,6 6,6 6,6 6,6
Psykisk helseteam barn/unge 3 2 2 2
Barnevernstenesta 8 7 7 8
Frisklivssentralen 0,2 0 0 0
Tildelingskontor 4,7 3,7 frå1.8.2020 3,7 3,7
Flyktningteneste 1,63 1,63, 1 årsverk frå 1.7,220 1 1 fast, 1,5 på engasjement grunna flyktningsituasjonen
Totalt årsverk 42,81 38,18 37,48 39,73

Kostra, helsetenester 2021

Kostra, helsetenester 2021

Nøkkeltal Enhet Giske Ulstein Sula Kostragruppe 1 Landet utan Oslo Møre og Romsdal
Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggjarar Årsverk 11,6 14,1 9,3 12,3 12,1 12,7
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggjarar Årsverk 6,3 8,8 8,6 9,8 9,7 9,5
Avtalte årsverk i helsestasjon- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggjarar Årsverk 41,8 64,6 45 57,2 50,5 52,0
Andel heimebesøk av helsesjukepleiar til nyfødde Prosent 41,7 101 99 91,2 80,5 91,7
Netto driftsutgifter til kommunehelsetenesta i prosent av kommunens samla netto driftsutgifter Prosent 5,9 5,4 5,1 6,2 6,6 6,0

Kostra, Barnevern, 2020

Kostra, Barnevern, 2020

Nøkkeltal Enhet Giske Ulstein Sula Kostragruppe 1 Landet utan Oslo Møre og Romsdal
Netto driftsutgifter til barnevernstenesta per innbyggjar 0-22 år kr 4 496 6 467 6 784 8 223 8 378 6 992
Barn med melding ift. innbyggjar 0-17 år Prosent 3,2 2,9 4,0 4,2 4,3 3,7
Prosentandel barn med undersøking ift innbyggjarar 0-17 år Prosent 3,5 3,7 4,3 4,5 4,4 3,8
Barn med barnevernstiltak ift. innbyggjarar 0-22 år Prosent - - - - - -
Brutto driftsutgifter per barn med undersøking eller tiltak Kr 60 298 54 903 56 61 017 63 322 57 431
Brutto driftsutgifter per barn som ikkje er plassert av barnevernet Kr 47 278 37 963 9 761 41 758 47 364 35 846
Brutto driftsutgifter per barn som er plassert av barnevernet Kr 316 818 351 810 444 808 449 472 430 792 396 996
Barn med undersøking eller tiltak per årsverk Tal 17,7 14,9 22,0 17,4 16,4 17,0
Undersøkingar med handsamingstid innan 3 mnd Prosent 94 59 94 86 91 85
Netto driftsutgifter til barnevernstenesta per innbyggjar 0-24 år kr 4 226 5 994 6 327 7 632 7 678 6 431
Barn med barnevernstiltak ift innbyggjar 0-24 år Prosent 2,9 2,8 3,8 3,8 3,3 3,3

Styringskort

Styringskort

Fokusområde Mål Måleindikator Resultatmål 2023
Brukarar Opplevd god kvalitet barnevernstenesta. Brukarundersøking. Halde snitt i Noreg innan andel barn med barnevernstiltak. 4 avviksmeldingar per år som gjeld saksbehandling. Gjennomføre brukarundersøking. Halde snitt i Noreg innan andel barn med barnevernstiltak., undersøkingssaker. Ingen fristbrot i saksbehandling. Tilsette gjennomfører tiltak i kompetanseplan.
Ei god fastlegeordning Rekruttere og behalde fastlegar. Ledig kapasitet på fastlegelistene. Full fastlegedekking.
Betre koordinerte tenester Utarbeide retningslinjer for gjennomføring av tverrfaglege møte og koordinatorrolla. Delta og følgje opp arbeid i prosjektet "betre tverrfagleg innsats". Felles verktøy for individuell plan og individuell opplæringsplan Fortsetje prosjekt Betre tverrfaleg samhandling. Følgje opp arbeidet. Tverrfagleg samhandling i eininga og mot andre tenester i kommunen. Utarbeide samhandlingsmodell for kommunen. Rulle ut verktyet.
Digitale søknader til omsorgstenestene Digital søknad er på plass innan 2023. Utarbeide digitale søknadsskjema i helse og omsorgstenestene. Ta i bruk i 2023.
Oppvekstreforma/barnevernsreforma tredde i kraft frå 01.01.2022. Gode system for å fange opp tidlege teikn på skeivutvikling. Internkontrollsystem som viser korleis vi handler ved bekymring Vi klarer å møte oppvekstreforma best mogleg med dei tilgjengelege ressursane kommunen har. Samarbeid mellom helse, omsorg og oppvekst. Felles arbeidsgruppe.
Medarbeidarar
Kompetanseutvikling i alle tenester Kompetanseplan Gjennomføre tiltak utarbeida i kompetanseplan for eininga.
Sjukefråvær skal ikkje overstige 5 % Følgje opp fråværs-statistikk, rapportere. Setje i verk nødvendige tiltak. Samarbeid med tilitsvalde og verneombod. Sjukefråværet skal ikkje overstige 5 %
Økonomi Effektivisere drifta i eininga Utarbeiding av rutinar Gjennomgang av tenesteleveranse og prioritering av oppgåver
God økonomistyring Avvik i % av vedtatt netto driftsramme. Alle tenesteområda rapporterer kvar månad på status drift og økonomi. Avvik ≤ 0