3. Innleiing og føresetnader for økonomiplanen 2023 - 2026
Om økonomiplanen
Økonomiplan og årsbudsjett er heimla i kommunelova § 14. I kommunelova §§ 14-3 og 14-4 er det m.a. sagt følgjande om økonomiplan og årsbudsjett:
- Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein økonomiplan for dei neste fire åra, og årsbudsjettet for det komande året
- Økonomiplanen og årsbudsjettet skal vise kommunestyret sine prioriteringar, løyvingar og dei måla og premissane som økonomiplanen og årsbudsjettet er bygd på
- Økonomiplanen og årsbudsjettet skal setjast opp i balanse, vere realistiske, fullstendige og oversiktlege
- Kommunestyret vedtek økonomiplanen og endringar av denne på grunnlag av tilråding frå formannskapet
- Formannskapet si tilråding til økonomiplanen skal ligge ute til allment ettersyn i minst 14 dagar før han blir behandla i kommunestyret. Dette gjeld likevel ikkje ved innstilling som gjeld endringar i økonomiplanen
- Vedteken økonomiplan og endringar av denne skal oversendast til departementet v/statsforvaltaren til orientering. Økonomiplanen har si forankring i kommunen sine overordna planar som kommuneplan, tema-/fagplanar og kommunedelplanar. Gjennom økonomiplanen skal målsetjingar i desse planane iverksetjast.
Økonomiplanen skal vise korleis kommunen disponerer inntektene sine til drift og investeringar over ein 4-årsperiode. Økonomiplanen gir ikkje løyvingar, men er retningsgivande for planlegging og budsjettarbeidet. Det første året i planen er alltid budsjett for det komande året.
Om årsbudsjett
Budsjettet for kommunen er ein plan over utgifter og inntekter til drift og investeringar i det komande året. Det er bindande for kommunen sine politiske og administrative organ.
- Kommunestyret skal innan utgangen av året vedta budsjettet for det komande året
- Kommunestyret vedtek sjølv årsbudsjettet og endringar i dette. Vedtaket blir gjort på grunnlag av innstilling frå formannskapet
- Innstillinga til årsbudsjettet med alle dei framlegga til vedtak som ligg føre, skal leggast ut til allment ettersyn i minst 14 dagar før det blir behandla i kommunestyret
- Kommunestyret sitt vedtak om årsbudsjett med saksdokument skal sendast til departementet v/fylkesmannen til orientering
- Krav om budsjettheimel på tidspunkt for utbetaling gjeld ikkje for utbetalingar som kommunen er rettsleg forplikta til å foreta
- Årsbudsjettet skal omfatte heile kommunen si verksemd
- Årsbudsjettet skal vere realistisk. Det skal utarbeidast på grunnlag av dei inntekter og utgifter som kommunen kan forvente i budsjettåret
- Årsbudsjettet skal vere stilt opp på ein oversiktleg måte. Kommunestyret sine prioriteringar, samt dei målsetningar og premisser som årsbudsjettet byggjer på, skal kome tydeleg fram
- Årsbudsjettet skal vere inndelt i ein driftsdel og ein investeringsdel
- Det skal budsjetterast med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekke renter, avdrag og nødvendige avsetningar
- I årsbudsjettet kan det avsetjast midlar til bruk i seinare år
- Departementet kan gi nærare reglar om årsbudsjettet og innstilling til årsbudsjettet