Giske som samspelkommune – Giske på lag med Sunnmøre – betre saman

Giske kommune er ein del av Ålesundregionen og berekraftssatsinga i regionen. Frå 2020 vart Giske kommune nabo med nye Ålesund kommune. Som følgje av samanslåinga er alle tidlegare selskapsavtalar, IKS og private avtalar reforhandla. Ei rekkje utfordringar innafor til dømes samferdsel, beredskap, areal og næringsutvikling må framleis løysast på tvers av kommunegrensene. I regionen vil Giske kommune vere kjend som samhandlingskommunen.

Lokalt vil Giske kommune spele på lag med private og frivillige organisasjonar.

Slik vil vi ha det

Sentral i regionen med flyplass og inngangsport til Sunnmøre

Berekraftsmål nr. 17

Slik gjer vi det

  • Giske kommune samarbeider med regionen på områda beredskap, politi, brann, havn og infrastruktur m.m.
  • På plansida har vi samarbeid på plan for areal, klima og transport PAKT, sjøarealplan og marine grunnkart. Vi vil vidareutvikle dette samarbeidet i regionen både politisk og administrativt.
  • Arbeide saman med regionen for å redusere personbiltrafikken og auke trafikktrygginga på riksveg 658 mellom Ålesund og flyplassen.

Slik vil vi ha det

Naturleg del av ein stor regional arbeidsmarknad

Berekraftsmål nr 17
  • Samarbeide med private og offentlege instansar om å utvikle Ytterland trafikknutepunkt med busstasjon, innfartsparkering og sykkelhotell.
  • Stå på for eit bedre kollektivtilbod eksternt og internt.
  • Etablere kollektivpunkt på handelsenter Sætra og delsenter Roald.
  • Dele og vidareutvikle kompetanse i regionen.
  • Synleggjere Giske kommune som ein attraktiv kompetansearbeidsplass.