3.2 Ytre vilkår for den kommunale økonomien

Statlege rammeoverføringar og skatteinntekter (frie inntekter) er den viktigaste inntektskjelda til kommunane. For Giske kommune utgjer desse overføringane i 2023 kr 573 700 000.

Samla overføring inneber ein auke på kr 22 600 000 eller 4,1 %.

I budsjettrammene til kommunane er den største veksten i frie inntekter begrunna med

  • Maksimal foreldrebetaling er foreslått redusert til kr 3 000 per månad frå 1. januar 2023
  • Gratis barnehageplass frå tredje barn i familien som går i barnehage samtidig - frå 1. august 2023
  • Pensjon i private barnehagar - redusert tilskot og skjermingsordning
  • Barnevernsreform
  • Ny barnevernslov - plikt til å utarbeide plan for gjennomføring av samvær
  • Basistilskot til fastleger

Heilårseffektar innarbeidd i 2023-budsjettet

  • Maksimalpris foreldrebetaling barnehage er redusert til kr 3 050 frå 1. august 2022
  • 12 timar gratis SFO på første trinn, innført frå haust 2022
  • Barnekoordinator, innført haust 2022
  • Felles dagsats for tiltakspengar - auka behov for sosialhjelp, innført frå 1. januar 2022
  • Barnetrygd skal ikkje omsyntakast ved vurdering av søknad om økonomisk sosialhjelp, frå 1. september 2022
  • Auka statleg vegleiande sats for økonomisk sosialhjelp, frå 1. juli 2022
Løyvingar frå 2022 til dekning av kommunane sine meirutgifter til Covid-19-pandemien er ikkje vidareførte. I 2022 vart rammetilskotet redusert som følgje av ekstraordinære skatteinntekter - dette er heller ikkje videreført.

Normalt blir ikkje-statlege tiltak som kommunane skal iverksetje finansierte fullt ut. Dette gir ein effektiviseringsgevinst i kommunal sektor som det ikkje er rekna på.

Utviklinga i rentenivået påverkar også den kommunale økonomien i sterk grad. Tilsvarande gjeld resultat av lønsoppgjer og kommunen sine pensjonskostnader, samt reglar for føring av premieavvik og amortisering av premieavvik.

Kommunen har plasseringar av kapital i aksjar og obligasjonar, og endringar i aksjemarknad og avkastning av obligasjonar påverkar den kommunale økonomien. Ustabilitet i aksjemarknaden ser ein effekt av. Om kommunen berre skal overvake situasjonen eller sette i verk moglege tiltak, vil bli drøfta i formannskapet.

Generelt ser ein ei innstramming i overføringane som gjer den økonomiske situasjonen svært krevjande.