2.1 Samfunnsutvikling

Befolkningsutvikling med framskrivingar

Kjelde: www.ssb.no

Giske er ein "annleis" kommune både når ein samanliknar med kommunane i fylket og i landet elles. Det har vore stor tilflytting dei siste åra, og det er ei forholdsvis ung befolkning. I fylkessamanheng er Giske den kommunen som har størst innbyggarvekst dei siste 10 åra. Trenden framover er at tal på barn i barnehage går nedover, mens tal på eldre med hjelpebehov aukar også her i kommunen. Det er desse tenestene som vil prege økonomien i perioden. Sjå meir på Kommunefakta Giske (SSB) og på Kommunestatistikk for Giske (Møre og Romsdal Fylkeskommune)

Folketalspyramide Giske 2021 og 2035
Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunestatistikk


Befolkningsprognosen frå SSB er gjort i tre alternativ - høg, middels og lav nasjonal vekst. Alle alternativa legg til grunn ein framhaldande auke i folketalet i Giske.

Når dei eldste aldersgruppene aukar meir enn dei yngre, fører dette til ein auka forsørgarbyrde for dei yrkesaktive. Dette kan ein framstille som eit forholdstal mellom talet på personar i aldersgruppa 20-64 år i høve til personar i alderen 65 år og over. I 2022 er dette forholdstalet 3,221. I SSB si framskriving, hovudalternativet, vil dette forholdstalet bli redusert til 2,260 i 2040. Dette er ei utvikling vi ser også på landsbasis.

Befolkningsframskriving KDD
Befolkningsframskriving, frå Kommunal- og distriktsdepartementet

Befolkingsauke sidan 2015

Befolkingsauke sidan 2015

2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022
Giske innbyggartal 7 924 8 094 8 176 8 292 8 398 8 461 8 506 8 597 8 645
Giske prosentvis 2,39 % 2,15 % 1,01 % 1,42 % 1,28% 0,76% 0,53 % 1,07 % 0,56 %
Landet prosentvis 1,11 % 0,93 % 0,85 % 0,71 % 0,61% 0,74% 0,44 % 0,63 % 0,97 %
Tal henta frå Statistisk Sentralbyrå. Viser tal frå starten av året.
Befolkningsframskriving

Diagrammet viser Statistisk Sentralbyrå si framskriving av folketalet i Giske frå 2022 til 2050 og er basert på middels alternativ. Etter prognosen utgjer vaksne over 20 år heile auken i folketalet. Aldersgruppa 67 år eller eldre er venta å auke jamnt i heile perioden. Første perioden, fram til om lag 2036, viser denne prognosen også ein årleg auke i aldersgruppe 20-66 år, før denne auken flatar ut.

Det har vore stort fokus på eldrebølga som er venta, og at denne er kostnadskrevjande. Auka levetid og fleire eldre fører også til stor auke i tal på personar med demens-liding. Dei siste åra har godt over 50 personar fått diagnosen demens årleg. Dette gir nye utfordringar i framtidsbildet, og gjer at kommunen må arbeide vidare med tilrettelegging av tenester i heimen, og ikkje minst vidareutvikling av velferdsteknologi.

Mange barn med utfordringar og fleire barn og unge med store utfordringar gir også store økonomiske utfordringar. Desse kjem gjerne raskare og er vanskelegare å ta høgde for enn utfordringane i eldreomsorga.

Folketal per grunnkrins

Folketal per grunnkrins


Data er henta frå Statistisk sentralbyrå, bearbeidd av Giske kommune

Bustadutbygging

Kommuneplanens arealdel (2018) legg føringar for ei stor bustadutbygging i kommunen. Fram til og med 2020 har det vore etter måten bra aktivitet når det gjeld utarbeiding av nye reguleringsplanar. Frå og med 2021 er det imidlertid kun oppstarta eit fåtal nye planarbeid . Tidlegare prognose om opptrapping av utbygging mot slutten av økonomiplanperioden har difor ikkje skjedd.

Avhending av kommunal grunn som er regulert- eller som i kommuneplanens arealdel er avsett til utbyggingsføremål vert i det vidare å avhende som råtomtareal. Øvrige kommunale bygg som ikkje skal nyttast vidare som føremålsbygg vert å avhende i samsvar med rullert arealdel.

Giske skal igjen ta i bruk verktøyet «utbyggingsavtale» for å få fortgang i bustad- og næringsutviklinga. Det vil seie at private som ønsker å bygge ut bustadområde, etter avtale med kommunen, kan bygge ut teknisk infrastruktur for eiga rekning og overlevere tekniske anlegg til kommunen når dei er ferdig utbygde.

Næringsutvikling

Giske er blant dei 5 største fiskerikommunane i landet. Gjøsund, mellom Vigra og Valderøya, er prioritert satsingsområde for næringsutvikling med eit 30-tals bedrifter og meir enn 700 tilsette. Fiskerinæringa og leverandørar har ca 4 mrd kroner i omsetning. Kommunen er no i gang med mudringsarbeidet i Gjøsundet med Aurstad Tunnel AS som utførande entreprenør. Giske kommune er byggherre. Det vert etterkvart opna for nye næringsetableringar på begge sider av sundet, og landområda vert utvida med mudringsmasse.