Giske som næringskommune – eit framtidsretta næringsliv
Giske kommune er ein av dei største fiskerikommunene i landet med både sjø- og landbaserte veksemder samt store og viktige hamneområde. Ålesund lufthamn Vigra er eit sentralt element i Giske kommune og er dels årsak til veksten i kommunen, trafikkmengde og utgangspunkt for lokalisering av verksemder. Det er omlag 10.000 dekar jordbruksareal i kommunen og dette er av dei viktigaste landbruksareala i fylket. Arbeidsplassdekninga er 63 % (2021, lågast I fylket) og mange pendlar ut (>2300), omlag 650 pendlar inn (2021).
Slik vil vi ha det
Giske kommune er ei aktiv fiskerikommune innan fangst og foredling. Havrom med stort potensiale.
Slik gjer vi det
- Samarbeide med næringslivet om å nytte teknologikompetanse i regionen til å utvikle nye moglegheiter lokalt og globalt.
- Medverke til å oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar.
- Delta i regionalt plansamarbeid for arealplan i sjø i Ålesundregionen.
- Ta i bruk marine grunnkart for kunnskapsbasert arealplanlegging.
- Få på plass handlingsdelen i kommunedelplan for naturmangfald.
- Verne viktige naturtypar mot inngrep.
- Hindre og i vesentleg grad redusere alle former for havforureining, særleg frå landbasert verksemd, inkludert marin forsøpling og utslepp av næringssalt.
- Lage tiltaksplan for plast og marin forsøpling.
- Søke å lokalisere alle planlagte inngrep i sjø der det gjer minst skade på miljøet.
- Sjå samanhengen mellom bruk av land og sjø i kommuneplanarbeid.
Slik vil vi ha det
- Giske kommune er ei framtidsretta og viktig landbrukskommune
Slik gjer vi det
- Styrke jordvernet og støtte opp om FNs berekraftsmål nr. 2 Utrydde svolt, - om å redusere jordtapet og produsere mat på den jorda vi har.
- Vurdere om lokal matproduksjon skal inngå som ein vesentleg del av beredskapsarbeidet.
- Ta vår del av ambisjonen av minstemål i Landbruksmeldinga i Møre og Romsdal om å halde omdisponert dyrkaareal under 200 daa i året.
- Oppretthalde og om mogeleg auke beitinga for å halde kulturlandskapa i hevd.
- Tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem.
- Vurdere å omregulere ueigna og usentralt bustadarel til LNF-område.
- Legge til rette i arealplanlegginga for kolonihagar på inneklemt jordbruksareal.Revidere landbruksplanen frå 2009.
Slik vil vi ha det
- Giske kommune har eit anerkjent eventmiljø og eit verdskjend studio.
- Kommunen er ein attraktiv kunstnarkommune.
Slik gjer vi det
- I samarbeid med lokale kunstnarar etablere felles lokalitetar for samhandling/nettverk og utstillingar.
- Støtte opp om og tilrettelegge for vidareutvikling av Kulturnæringsklynga Øygardshamna på Giske.
- Styrke Giske kommune sin identitet og sitt omdømme gjennom aktiv formidling av informasjon og kunnskap om kommunen som arbeidsstad, bustad, kultur- og reisemål.
- Sette av areal for bubilparkering.
- Samarbeide med regionen for å utvikle turisme.
Slik vil vi ha det
- Giske kommune har regionens største næringsareal med tilknyting til hamn midt i skipsleia
Slik gjer vi det
- Utvikle Gjøsundneset industriområde som nasjonal fiskerihamn til eit moderne og attraktivt næringsområde for etablering av nye verksemder innan fiskeri, havbruk og annan relevant industri. Utviklinga skal skje i tråd med berekraftsmåla med vekt på innovasjon og framtidige energiberarar.
- Opparbeide industritomter for utleie, sal og fellesfunksjonar.
- Fremje tettare samarbeid mellom næringsområda på alle øyane for å fremje synergieffektar.
- Utvikle berekraftig næringsliv og arbeide for få gods over på kjøl.
- Legge til rette for eit mangfald av arbeidsplassar saman med næringslivet og tiltrekke seg nye næringsaktørar.
- Sikre solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.
- Forvalte kommunen sitt 300 dekar store industriområde i tråd med formuesbevaringsprinsippet i kommunelova.