3.3 Generelle kommentarar til budsjettet for 2023 og økonomiplan 2024 – 2026

3.3.1 Løns- og prisauke (kommunal deflator) i statsbudsjettet for 2023

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2022 til 2023 (kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 3,7 % med ein forventa lønsvekst på 4,2 %.

Administrasjonen sitt utgangspunkt for økonomiplanarbeidet går fram av budsjettrundskriv til einingane.

I budsjettverktøyet ARENA blir alle lønsdata lesne inn frå lønssystemet. Alle einingane har gått over dette grunnlaget og kontrollert og sjekka at alle fast tilsette er komne med, og at dei har fått rett årsløn, ansiennitet, stillingsprosent og eventuelle tillegg. Løna frå august var oppdatert med endringar etter sentralt lønsoppgjer og lagt til grunn for å berekne årsløna. Det er ikkje budsjettert med sjukelønsrefusjon, og utgifter til vikar er rekna berre i dei tilfelle vikar blir sett inn ved sjukefråvær frå dag 1. Det same gjeld der det er nødvendig med ferievikar.

Grunnlaget for det konsekvensjusterte budsjettet er ramma for 2022 pluss 2 %. Grunnlaget er deretter korrigert slik:

  • Løn er lagt inn med venta heilårsverknad av lønsoppgjeret for 2022. Det er i tillegg lagt inn ein venta vekst på 2,45 % i løn for 2023
  • Det skal takast omsyn til prosjekt/tiltak i 2022 som er under avvikling for å få drifta i balanse
  • Endringar i tenestetilbod og brukarar skal arbeidast inn i konsekvensjustert budsjett
  • Kommunestyrevedtak og kjende endringar som påverkar drifta blir innarbeidde
  • Endringar i tenestetilbod og oppgåvedeling som følge av statsbudsjettet for det komande året

I budsjettet er det ikkje lagt inn generell prisauke på kjøp av varer og tenester. Det skal vere tatt høgde for prisauke i konsekvensjustert budsjett.

Einingane blei bedne om å legge til grunn ein generell auke i kommunale betalingssatsar på 3%.

3.3.2 Løns- og prisauke i økonomiplan for åra 2023– 2026

I økonomiplanen for åra 2023 – 2026 er det ikkje lagt inn generell prisauke. Alle tala er i 2023-kroner. I konsekvensjustert budsjett er det lagt inn ein lønsauke på 4,2 % med heilårseffekt. Dette utgjer 2,45 % lønsauke frå 1.5.2023 og er i samsvar med lønsvekstanslaget i statsbudsjettet.

3.3.3 Pensjon

Pensjonssatsane er auka i høve budsjett 2022. Dette skriv seg i hovudsak frå Reguleringspremie som vart endra våren 2022. Pensjonssatsen er derfor auka med 6,5% frå 15,62% i 2022 til 22,12% i 2023 for sjukepleiarar. For fellesordninga er den auka med 2,81%, frå 13,43% til 16,24%.

3.3.4 Skatteinntekter og statlege rammeoverføringar

Det er lagt inn fylgjande skatteinntekter og statlege rammeoverføringar i økonomiplanen for 2022 - 2025

Løyvingsoversikt drift AS - kommunedirektøren sitt forslag Rekneskap 2021 Budsjett 2022 Budsjett 2023 Budsjett 2024 Budsjett 2025 Budsjett 2026
Alle tal i heile 1000
Rammetilskot -257 470 -260 139 -283 486 -284 098 -284 153 -284 153
Inntekts- og formuesskatt -285 156 -273 692 -290 231 -290 231 -290 231 -290 231
Eigedomsskatt -27 939 -28 500 -28 500 -29 000 -29 500 -29 500
Andre generelle driftsinntekter -10 267 -11 353 -19 383 -21 302 -19 383 -21 302
SUM GENERELLE DRIFTSINNTEKTER -580 832 -573 684 -621 600 -624 631 -623 267 -625 186

3.3.5 Brutto driftsresultat, netto driftsresultat og korrigert netto driftsresultat

Budsjett for 2023 viser eit brutto driftsresultat på kr 25 704 820 og eit netto driftsresultat på kr 5 017 921. Eit anbefalt netto driftsresultat på 1,75% av driftsinntekter ville til samanlikning vere kr 10 878 000.

Kommunen har utgifter til kommuneval i 2023 og stortingsval i 2025 som er innarbeidde i framlegget til økonomiplan.

Ved utrekninga av renteutgifter er det nytta prognose frå Bergen Capital Management, og Norges bank sin renteprognose ligg til grunn for utrekninga.

3.3.6 Eigedomsskatt

På grunn av kommunen sin økonomiske situasjon vart det frå 2014 innført eigedomsskatt i Giske kommune med 2 ‰ . Frå og med 2021 er satsen 4 ‰. Ved utrekning av eigedomsskatt er det teke omsyn til endringar i regelverk for verk og bruk, som fører til ein nedgang. Det er også teke omsyn til endring i obligatorisk reduksjonsfaktor frå 20% til 30% for eigedomsskattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader. Eigedomsskatten vil i 2023 utgjere kr 28 500 000.

3.3.7 Skatt og statlege rammetilskot

Det er i 2023 budsjettert med kr 573 717 000 samla i skatt og rammetilskot. Viser her til tabell og kommentarar innleiingsvis. KS sin prognosemodell versjon 2204KS er brukt ved utrekninga. i rammetilskotet er også kr 800 000 i ordinært skjøn inkludert.

3.3.8 Øvrige generelle statstilskot

Det er budsjettert med kr 1 100 000, og det er rentekompensasjon for ”skule-pakkane” og ”kyrkje-pakkane”, og kompensasjons-tilskot i samband med utbygging av omsorgsbustader. Dette er basert på rekneskap 2021, og vert utbetalt frå Husbanken ca. 20. desember kvart år.

Utbetaling frå Havbruksfondet er budsjettert med kr 1 056 000. Dette er basert på prognose utrekna av Telemarksforskning.

3.3.9 Statstilskot flyktningar

Det er budsjettert med kr 16 031 300. Dette er statstilskot som skal dekke kommunen sine utgifter i samband med mottak av flyktningar og introduksjonsprogram for desse. Dette føreset at vi ikkje har fråflytting og at ein greier å busetje 45 nye i 2023. På grunn av situasjonen i Ukraina er anslaget svært usikkert. Deler av utgiftene er derfor ført i ramme 3 og kan fordelast på dei rammeområda som får auka utfter ein ser korleis dette utviklar seg.

3.3.10 Finansinntekter / finansutgifter og lån

Det er budsjettert med kr 36 063 228 i renteutgifter på eigne lån. Vidare kr 1 467 500 i renteutgifter på formidlingslån med tilsvarande budsjettert renteinntekter. Ved utrekning av rentekostnadar er Bergen Capital Management og Norges Bank sin renteprognose brukt.

Vidare er det budsjettert med kr 42 980 000 i avdragsutgifter på lån til kommunale investeringar.

Det er budsjettert med kr 9 217 000 i avkastning på finansplasseringar, renter bankinnskot, renteinntekter kundar og renteinntekter på formidlingslån. Av dette er kr 6 000 000 avkastning på kommunen sine langsiktige finansplasseringar. Det er då teke utgangspunkt i kommunen sitt kraftfond og ei avkastning som føreset av vi må ha noko høgre risikoprofil enn vi har per i dag.

Kommunen sitt kraftfond utgjer per 31.12.2021 kr 103 783 000, medan marknadsverdien av kommunen sine langsiktige plasseringar 30.09.2022 var på kr 122 038 000. Dette er plassert i aksjar 32 % og obligasjonar / bank / pengemarknad 68 %.

Pr. 30.9.2022 hadde dei langsiktige plasseringane eit tap på kr 7 947 000.

3.3.11 Avskrivingar

Avskrivingane har motpost på utgiftssida på dei ulike ansvarsområda (hovudart 15 finansutgifter). Avskrivingar er budsjettert med kr 40 650 487.

3.3.12 Kalkulatorisk rente

Dette er kalkulatoriske renter innan vatn, avløp og renovasjon (VAR-området), som også har motpost på desse budsjettområda. Kalkulatoriske renter er budsjettert med kr 8 574 000.

3.3.13 Disposisjonsfond

Det er i 2022 set av kr 1 469 796 til disposisjonsfond.

3.3.14 Overføring til investeringsbudsjett

Det er budsjettert med kr 1 550 000 i kapitalinnskot til KLP for 2022.

3.3.15 Investeringsbudsjett

Lånegjelda til investeringar vil per 31.12.2022 vere kr 1 066 944 000. Av dette vil ca. kr 250 000 000 gjelde lån innan vatn, avløp og renovasjon, der renter og avdrag blir dekte av eigedomsavgifter, som tilsvarar avskrivningsgrunnlaget innan VAR-området.

Det er budsjettert med kr 76 385 000 i bruk av lån, av dette er kr 8 000 000 startlån frå Husbanken til vidare utlån.

brannbil