2 Kommuneleiing - Stab, kultur, service og næring
Kommuneleiing og stab omhandlar tenesteområda 1200 – 1260 som er kommunedirektør, kommunalsjefar og stabsfunksjonar.
Staben skal levere tidsrette støttefunksjonar i samsvar med krav og forventningar som er stilt til kommunen si kjerneverksemd og strategiske satsingar. Arbeidsoppgåver er blant anna planlegging, støtte, oppfølging og styring. Dette omfattar blant anna oppgåver knytt til kvalitet og internkontroll, beredskap, fellesfunksjonar, økonomiforvaltning, løn og personalforvaltning,, arbeidsgivarpolitikk.
Eininga kultur, service og næring vart etablert i stab i 2021 og skal saman med resten av staben tilrettelegge for politiske og administrative avgjerdsprosessar, verksemdstyring, analyse og utgreiingsarbeid. Eininga har også ansvar for kulturarbeidet i Giske, dette gjeld bibliotek, frivilligsentral, kulturminnearbeid, friluftsliv og samhandling med lag og organisasjonar. Informasjonsarbeid og fellesfunksjonar som post og arkiv, oppfølging av avtalen med Ålesund knytt til landbruk, samt viltforvaltning er også ein del av den nye eininga. Det næringsretta arbeidet til kommunen samt etableringsstøtte/hoppid blir også fulgt opp her. I tillegg kjem oppfølging av avtale om kjøp av IKT og brukarstøtte frå Ålesund kommune.
2. Kjerneverksemd
Ansvar | Årsverk 2021 | Årsverk til bruk i 2022 | Årsverk til bruk i 2023 |
---|---|---|---|
1200 KOMMUNELEIING - STAB | 6,86 | 5 | 6 |
1220 ØKONOMI | 3,7 | 3,7 | 4 |
1240 PERSONAL OG LØN | 3,9 | 3,9 | 3,9 |
1250 KULTUR, SERVICE OG NÆRING | 11,2 | 11,1 | 11,6 |
Sum | 25,66 | 23,7 | 25,5 |
3. Driftsbudsjett - kommunedirektøren sitt forslag
Teneste | 2 Kommuneleiing - Stab, kultur,service og næring | Regnskap 2021 | Budsjett 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 | Budsjett 2026 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1200 | RÅDMANN - KOMMUNALSJEFAR | 4 940 | 4 323 | 5 938 | 5 938 | 5 938 | 5 938 |
1210 | PERSONAL OG LØN | 2 331 | 2 384 | 2 690 | 2 690 | 2 690 | 2 690 |
1220 | ØKONOMI | 2 879 | 3 101 | 3 395 | 3 395 | 3 395 | 3 395 |
1230 | SERVICEKONTORET | 2 363 | 2 669 | 2 984 | 2 984 | 2 984 | 2 984 |
1240 | DIVERSE FELLESFUNKSJONAR | 3 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
1250 | IKT | 761 | 810 | 816 | 816 | 816 | 816 |
1260 | SAKSBEHANDLING - FELLES | 1 214 | 1 710 | 893 | 893 | 893 | 893 |
2110 | FØRSKULE OG PRIVATE BARNEHAGAR | 1 146 | 453 | 491 | 491 | 491 | 491 |
2120 | GRUNNSKOLE | 412 | 249 | 480 | 786 | 786 | 786 |
2310 | AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE | 10 | 350 | 279 | 279 | 279 | 279 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 102 | 100 | 106 | 106 | 106 | 106 |
2423 | MOT - PROSJEKTET | -6 | 25 | 25 | 25 | 25 | 25 |
2440 | BARNEVERNTENESTE | 238 | 234 | 255 | 255 | 255 | 255 |
2530 | PLEIE, OMSORG, HJELP I INSTITUSJON | 0 | 0 | 25 | 53 | 53 | 53 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 881 | 689 | 979 | 1 187 | 1 187 | 1 187 |
2541 | BUFELLESSKAP PSYKIATRI VALDERØY | 0 | 0 | 99 | 216 | 216 | 216 |
2549 | KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI | -128 | 3 | -50 | -50 | -50 | -50 |
2730 | KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK | 402 | 341 | 367 | 367 | 367 | 367 |
3100 | FORMIDLINGSLÅN | -82 | -100 | -120 | -120 | -120 | -120 |
3250 | NÆRINGSKONTORET | 687 | 183 | 184 | 184 | 184 | 184 |
3253 | JORD- OG SKOGBRUK | 518 | 543 | 543 | 543 | 543 | 543 |
3610 | VILTFORVALTNING | 161 | 133 | 63 | 63 | 63 | 63 |
3620 | FRILUFTSLIV | 203 | 266 | 261 | 261 | 261 | 261 |
3650 | KULTURMINNEVERN | 35 | 73 | 25 | 25 | 25 | 25 |
3700 | BIBLIOTEK | 827 | 1 088 | 1 587 | 1 587 | 1 587 | 1 587 |
3750 | MUSEER | 0 | 28 | 28 | 28 | 28 | 28 |
3770 | KUNST OG KUNSTFORMIDLING | 95 | 140 | 140 | 140 | 140 | 140 |
3810 | IDRETT | 265 | 250 | 230 | 230 | 230 | 230 |
3850 | KULTURKONTORET | 751 | 738 | 788 | 788 | 788 | 788 |
3851 | ANDRE KULTURTILTAK | 165 | 169 | 159 | 159 | 159 | 159 |
3852 | FRIVILLIGSENTRAL | 283 | 485 | 518 | 518 | 518 | 518 |
Sum ramme 2 Kommuneleiing - Stab, kultur, service og næring | 21 457 | 21 437 | 24 176 | 24 834 | 24 834 | 24 834 |
Auken i budsjett frå 2022 til 2023 på 2,7 mill. kroner kjem i hovudsak av at det er oppretta ny kommunalsjefstilling Teknisk i stab. Det er også tatt inn igjen halv stilling biblioteksjef. Tiltak 30 overføring av merkantile resurssar aukar og ramma, tiltaket har tilsvarande reduksjon i ramme 5 og 7.
4. Utfordringar og mål
4.1 Utfordringar
- Levere lovpålagde tenester innanfor tilgjengelege økonomiske rammer.
- Etablere effektiv organisering, støtte og tenestenivå som er tilpassa redusert bemanning og trange økonomiske rammer. Dette inneber blant anna tydeleg prioritering mellom arbeidsoppgåver, forventingsavklaring, og ikkje minst sikring av tvillingkompetanse slik at viktige funksjonar vert levert ved eventuell sjukdom, ferie og anna fråver.
- Svært pressa bemanningssituasjon kan gå utover fullverdig tenesteleveranse
- Implementering av nye digitale verkty, opplæring og størst muleg gevinstrealisering.
- Bygge opp tilstrekkeleg beredskapsressursar til store alvorlege hendingar
- Finne rett organisering under rammeområda for betre samhandling
- Sikre nødvendig kvalitet- og internkontroll i kommunen.
- Systematisk informasjonsarbeid, rett utvikling av heimeside, intranett og bruk av sosiale medier.
- Tilrettelegge for døgnopen forvaltning ved å betre innbyggardialogen slik at innbyggarane kan vere sjølvhjelpte uavhengig av arbeidstid.
4.2 Satsingsområde
- Framhaldande fokus på og oppfølging av systematisk HMS arbeid
- Leiarutvikling påbegynt i 2022, skal sluttførast i 2023
- Oppfølging av 10-faktor medarbeidarundersøking
- Styrking av leiarkompetanse på budsjettarbeid og økonomisk styring
- Oppfølging av tiltak i helse og omsorgssektoren for å imøtekome framtidas behov (Leanprosjekt)
- Implementering og opplæring i oppgradert saks- og arkivsystem samt skydrift innført i desember 2022
- Tilrettelegging for nytt IKT-system for økonomi, løn og personal
- Vurdere samarbeid med andre kommunar eller innkjøp av tenester av sentrale stabsfunksjonar som er sårbare i dag (løn, rekneskap, arkiv m.m)
- Implementere samling av merkantile ressursar i stab
- Framhaldande fokus på kvalitet og internkontroll
- Framhaldande fokus på beredskapsarbeid
4.3 Styringskort og styringsindikator
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultatmål 2023 |
---|---|---|---|
Innbyggarar | Kvalitet tilpasse dei økonomiske rammevilkåra | Plassering i forbrukarrådet sine testar av kommunal service | 100 eller betre av kommunane i landet. 10 eller bedre av kommunane i Møre og Romsdal |
Forenkling og effektivisering gjennom digitalisering | Etablert samarbeid med kommunar i regionen om digitalisering | Digitalisere timeregistrering til støttekontakter og fosterheimar. | |
Oppgradering av Acos Websak og møte+ samt skydrift er innført. | |||
Anbodsprosess HRM og økonomisystem er gjennomført og planlegging av nytt system er oppstarta. | |||
Nytt verktøy for styring og oppfølging er valgt og innføring oppstarta. | |||
Velfungerande informasjons- og kommunikasjonskanal | Relevant informasjon er lett tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette døgnet rundt. System med digitale søknader mm fungerer godt | Videreutvikle og arbeide meir strategisk med informasjon til innbyggarane. Giske kommune si heimeside er oppgradert. | |
Beredskapsarbeid med rett kvalitet | Gjennomførte beredskapsøvingar og ajourført beredskapsplan | Beredskapsøvingar er gjennomført. Kompetanseheving i beredskapsarbeid er gjennomført. Vurdering av ressurs til beredskapsarbeid er gjennomført. | |
Medarbeidarar | Auke intern beredskapskompetanse | Gjennomførte øvingar | Øving på utvalde hendingar |
Velfungerande kvalitets- og internkontrollsystem | Gode tilbakemeldingar frå tilsette og innbyggjarar. Regelmessig rullering, og få avvik på tenestene som blir gitt | Jobbe vidare med rutine og prosedyrer for dei mest risikobelasta områda | |
Statistikk over avvik og forbetringsforslag | Auke i meldte avvik og forbetringsforslag i alle einingar | ||
Internkontroll er integrert i planverk og rapportering | Alle einingar rapporterer systematisk på internkontroll | ||
Tigjengeleg plan - og oppslagsverk | Kvalitets og personvernhandbok er utarbeidd. | ||
Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar | Nærversprosent | 96 % | |
Resultat 10-faktor medarbeidarundersøking | Handlingsplan etter oppfølging av 10-faktorresultat er utarbeidd. | ||
Vernerunder og arbeid i HMS-utval. Opplevd kvalitet på samarbeid mellom verneteneste/tillitsvalde og arbeidsgivar. | Systematisk HMS-arbeid vert gjennomført i tråd med HMS-årshjul og handlingsplanar. Samlingar med vernerunde er gjennomført med rett kvalitet. | ||
Arbeid med leiarutvikling held fram | Kompetanseheving om sentrale faktorar er gjennomført. | ||
Enkel og effektiv support og drift ved hjelp av digitale verkty | Gjennomført opplæring på nye digitale verkty | Brukarhandbok i Visma Tid er etablert. | |
Oppgradering av Acos Websak og møte+ er etablert og opplæring er gitt. Planlegging av nytt HRM og økonomisystem er godt i gang (vert etablert i 2024) | |||
Staben har rett kompetanse | Gode tilbakemdlingar frå leiing og tilsette | Plan for kompetanseheving stab er utarbeidd. | |
Redusere sårbarheit i viktige stabsfunksjonar | Det er etablert tvillingskompetanse eller etablert samarbeid som fungerer med god kvalitet | Samarbeid med andre kommunar eller kjøp av tenester for sentrale stabsfunksjonar som er sårbare i dag (løn, rekneskap, arkiv m.m) er etablert. | |
Økonomi | Lav andel av administrative ressursar. God økonomistyring | Alle leiarar har kompetanse og forståelse for økonomi og økonomistyring | Kompetanseheving i budsjett og økonomistyring er gjennomført. |
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 administrasjon per innbyggar | ≥ kr 3 500 per innbygger | ||
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 som andel av totale utgifter | 6 % | ||
Avvik i % av netto driftsramme | ≤ 0 |