3 Fellesutgifter - fellesinntekter
På dette området blir det ført inntekter og utgifter som er felles for heile kommunen sin organisasjon, og som ikkje kan knytast opp mot einskilde einingar eller stab.
Driftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag
Teneste | Beskrivelse | Regnskap 2021 | Budsjett 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 | Budsjett 2026 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1212 | GENERELLE PERSONALPOLITISKE TILTAK | 1 434 | 1 424 | 1 505 | 1 505 | 1 505 | 1 505 |
1215 | GENERELLE ARBEIDSMILJØTILTAK | 360 | 213 | 243 | 243 | 243 | 243 |
1240 | DIVERSE FELLESFUNKSJONAR | 15 117 | 11 195 | 10 989 | 10 989 | 10 989 | 10 989 |
1700 | ÅRETS PREMIEAVVIK KLP | -1 503 | -4 000 | -11 000 | -11 000 | -11 000 | -11 874 |
1701 | ÅRETS PREMIEAVVIK SPK | -562 | -104 | -504 | -504 | -504 | -504 |
1710 | AMORTISERT PREMIEAVVIK KLP | 8 099 | 5 388 | 6 603 | 6 603 | 4 588 | 4 588 |
1711 | AMORTISERT PREMIEAVVIK SPK | 77 | 455 | 180 | 180 | 180 | 180 |
1720 | PENSJON | 150 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
1730 | PREMIEFOND | -29 511 | -5 135 | 0 | 0 | 0 | 0 |
1800 | DIVERSE FELLESUTGIFTER | 16 | 0 | 6 284 | 6 284 | 6 284 | 6 284 |
2110 | FØRSKULE OG PRIVATE BARNEHAGAR | 905 | 223 | 535 | 535 | 535 | 535 |
2120 | GRUNNSKOLE | 1 096 | 263 | 238 | 238 | 238 | 238 |
2343 | KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) | 282 | 243 | 268 | 268 | 268 | 268 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 1 703 | 258 | -106 | -106 | -106 | -106 |
2546 | GISKE OMSORGSSENTER | 1 232 | 213 | 628 | 628 | 628 | 628 |
2548 | BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA | 1 489 | 290 | 263 | 263 | 263 | 263 |
Sum andre tenester knytt til fordeling av pensjonskostnader i 2021 | 5 695 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
Sum ramme 3 fellesutgifter/fellesinntekter | 6 080 | 10 927 | 16 126 | 16 126 | 14 112 | 13 238 |
Teneste 1212 og 1215
Her blir det ført løn til frikjøpte tillitsvalde og hovudverneombod, bedriftshelseteneste, velferdsordningar og kursutgifter på tvers av einingane.
Teneste 1240
Under teneste 1240 diverse fellesfunksjonar er det budsjettert med felles utgifter som:
- Felles kontormateriell på rådhuset
- Bevertning til møte og kurs
- Utgifter til porto, telefon og datakommunikasjon
- Kommunen si ansvarsforsikring
- Lisensar og serviceavtaler for felles IT-program og utstyr
- Utgifter til leige av kopimaskiner
- Serviceavtalear for anna teknisk utstyr som felles kopimaskiner m.v.
- Kontingent til Kommunenes Sentralforbund KS
- Overføringar til Sunnmøre Regionråd
- Avskrivningar på felles IT-program og utstyr
Teneste 1700 - 1730
Premieavvik og amortisering av premieavvik frå KLP og SPK er budsjettert på ansvar 1300.
Premieavviket er forskjellen mellom innbetalt premie og berekna pensjonskostnad.
Premieavviket er budsjettert med bakgrunn i tal frå Kommunal Landspensjonskasse og Statens Pensjonskasse og avstemt mot samla pensjonskostnad. Premieavviket blir anslått til kr 11 504 000, inkludert arbeidsgiveravgift. Dette er tal som skal budsjetterast som inntekt.
Tilsvarande er amortisert premieavvik berekna til kr 6 782 000 for 2023.
På grunn av endringa i pensjonsforvaltninga i 2021 har giske kommune 45,5 mill.kr i premiefond. Bruk av dette er ikkje lagt inn i rammeområdet då det ikkje vil ha effekt på berekna pensjonskostnadar som er ført på andre rammeområde. Bruk vil medføre redusert amortiseringstid dei 7 påfølgande åra. Sidan det er forskjell mellom premieinnbetaling og berekna pensjonskostnad, vil effekten for Giske kommune bli at likviditeten i 2022 blir betra.
Giske kommune sitt akkumulerte premieavvik inkl. arbeidsgjevaravgift var ifølge kommunen sin balanserekneskap pr. 31.12.2021 på 19,9 mill. kr og kan ved utgangen av 2023 kome opp i 29 mill. kr.
Dette premieavviket skal utgiftsførast i rekneskapen i løpet av 15 år, for premieavvik oppstått før 2011 og over 10 år for premieavvik oppstått i perioden 2011 – 2014, og 7 år for premieavvik oppstått frå 2015. Dette betrar såleis budsjettbalansen i høve til om kommunen ikkje fordelte dette over dei 7 åra.
Teneste 1800
I denne tenesta ligg utgifter knytt til tiltak 67 Flyktninger Ukraina lagt. Det er knytt stor usikkerheit til flyktningsituasjonen og korleis dette vil påverke utgiftene til kommuna. I tiltaket er utgifter knytt til dette dels ført på dei rammeområda som allereie er råka av auken i flyktningar. Resten er lagt til ramme 3 slik at det kan fordelast på dei områda som får auka utgifter når flyktningane kjem. Inntektene frå flyktningtilskotet ligg i andre overføringar og tilskot frå staten.
Tenestene 2110, 2120, 2343 og 2540
Løn til lærlingar er ført her. Giske kommune har totalt 7 lærlingar: 4 helsefagarbeidarar, 2 barne- og ungdomsarbeidarar og 1 kokk. Vi har avtale med Sunnmøre kommunale opplæringskontor om administrasjon av lærlingordninga, og vi får kr. 20 000,- i tilskot per lærling frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Lærlingar frå Giske kommune har i fleire år delteke i opplæringskontoret si rekrutteringspatrulje der målet er å rekruttere ungdomskuleelevar til fagarbeidarutdanning.