• Forside
  • 2. Utvikling og mål i planperioden

2. Utvikling og mål i planperioden

Utfordringar 

Det overordna målet for perioden er drift i balanse - å sikre god økonomisk styring og kontroll, og å tilpasse tenestetilbodet i høve til økonomiske rammer.

Dei nasjonale utfordringane er knytt til reformarbeid, digitalisering og overføring av statlege oppgåver til kommunane. Overføring av oppgåver inneber mellom anna auka ansvar for rehabilitering og lokal behandling av fleire somatisk og psykisk sjuke pasientar. Dette gir behov for fleire tilsette og auka spesialisert kompetanse innanfor helse- og omsorgstenestene. Samtidig løyser det ut behov for, og stiller større krav til tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking kring behandling.

Dei lokale utfordringane er knytt til høg lånegjeld og til å sikre ei berekraftig økonomisk utvikling. Realisme inneber at inntektene dekker forventa utgifter, og at forventa utgifter gir forsvarleg drift. Vidare er det utfordrande å dekke det auka kompetansebehovet, særlig gjeld dette innanfor helse og omsorgssektoren.

Mål og muligheiter

  • vidare satsing på digitalisering og auka bruk av teknologi i tenesteytinga - gevinstrealisering
  • auka bruk av sjølvbetjente løysingar og automatiserte teneste
  • vidare fokus på tverrfagleg samarbeid i og mellom fagområde - koordinerte tenester
  • vidare gjennomgang av organisering og tenestenivå for å sikre at dette er tilpassa den økonomiske situasjonen kommunen er i. Vurdere yttarlegare strukturendringar
  • vidareføre samarbeidet med NAV i form av prosjektet "Ressursar finn kvarandre"
  • vidare organisasjonsutvikling gjennom:
    • implementering av prosjektet "Omstilling av fellesfunksjonar i Giske kommune". Ny organisering og arbeidsfordeling mellom stab og linje skal iverksetjast
    • intensivering av innsats for å sikre rett kompetanse i alle tenesteområde
    • styrka fokus på arbeidsmiljø og redusert sjukefråvær
    • styrka leiarkompetanse
    • styrka fokus på internkontroll og kvalitetsarbeid