4 Diverse tenesteområde
Ramme 4 omhandlar sosiale tenester som vert gitt av NAV Giske.
Driftsbudsjett - Kommunedirektøren sitt forslag
Teneste | 4 - Diverse tenesteområde | Regnskap 2021 | Budsjett 2022 | Budsjett 2023 | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 | Budsjett 2026 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2420 | SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING | 2 281 | 3 299 | 3 528 | 3 528 | 3 528 | 3 528 |
2760 | KVALIFISERINGSPROGRAM | 1 151 | 1 209 | 1 238 | 1 238 | 1 238 | 1 238 |
2810 | ØKONOMISK SOSIALHJELP | 3 615 | 3 193 | 3 927 | 3 927 | 3 927 | 3 927 |
2851 | NAV DRIFT - STATLEG DEL | -28 | 7 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Sum ramme 4 Diverse tenesteområde | 7 019 | 7 707 | 8 694 | 8 694 | 8 694 | 8 694 |
Sosialtenesta, Nav
Lov om sosiale tenester i NAV inngår i kommunen sitt samla velferdsansvar og omhandlar kommunale tenester og oppgåver som NAV Giske skal utføre og medverke i. Dei obligatoriske kommunale tenestene (minimumsløysinga) som inngår i NAV Giske er opplysning, råd og rettleiing (medrekna økonomisk rådgjeving), økonomisk stønad, mellombels bustad, individuell plan og kvalifiseringsprogrammet.
Ut over minimumsløysinga deltek NAV Giske i Intro-programmet for flyktningar, som og er ei kommunal teneste, med arbeidsrelatert opplæring/bistand.
Oppgåvene er til dels forankra i lov, som økonomisk sosialhjelp, og i nasjonale program som kvalifiseringsprogrammet. Desse er førande for kommunen sitt arbeid i høve grupper som treng særskild oppfølging. Giske kommune og NAV Giske har eit tett og godt samarbeid, vi ser at det gjer tenestene kvalitativt betre og heng betre saman. Kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønad sjåast i samanheng med økonomisk sosialhjelp. Kvalifiseringsprogrammet er regjeringa sitt viktigaste verkemiddel i kampen mot fattigdom. Målet med programmet er å fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet ved hjelp av tettare og meir forplikta bistand og oppfølging, også i dei tilfella vegen fram kan vere relativ lang og usikker.
Auka i ramme 4 er knytt til:
- Budsjettert høgare ramme for økonomisk sosialhjelp, sosial rådgjeving og veiledning grunna auka tal flyktningar
Driftstiltak i 2023:
- Jobbkonsulent.
- Flytningar Ukraina. Fellestiltak ramme 4,5 og 6.
Utfordringar og satsingsområder for sosiale tenester
Spesielle utfordringar:
- Vi erfarer at busette flykningar har hatt større behov for sosiale tenester også under introduksjonsprogram
- Stor auke i busette flykningar
- Mange har ikkje rett til introduksjonsprogram grunna alder. Dette gjer auke i utgifter til økonomisk sosialhjelp.
- Grunna auke i behov for kommunale tenester som sosialhjelp, samtidig som ein opplever statleg nedtrekk kan ein få auke i ungt utanforskap.
- Endra statlege reglar har ført til fleire brukarar som må ha sosialstønad og høgare kostnad per brukar (mellom anna som følge av høgare levekostnader)
- Ein skal ikkje lengre inntektsberekne barnetrygd i utmåling av økonomisk sosialhjelp.
- Arbeide med alternative tiltak for å halde budsjett innan økonomisk sosialhjelp
- Flere brukarar med meir komplekse gjeldsproblem
- Auka tal brukarar med samansette utfordringar
- Imøtekome nye oppgåver og krav til tenesteutvikling
- Vidareutvikle samarbeid mellom NAV og kommunen
- Ein arbeidsmarknad som har større krav til kompetanse
Satsingsområde for tenestene
- Arbeide for tettare samarbeid med kommune og privat næringsliv ved hjelp av ei prosjektstilling som jobbkonsulent og prosjektmedarbeidar flykning
- Tett oppfølging av utsatte grupper ved hjelp av inkluderingskompetanse for å styrke arbeidsinkludering
- Arbeide for å implementere Digitale innbyggartenester - Sosiale tenester i NAV (Digisos) for å betre kvaliteten og effektiviteten på saksbehandling ytterlegare etter Lov om sosiale tenester, frigi tid til ytlegare fokus til sosialfagleg arbeid og kome raskare i gong med oppgåver som gjer brukarane sjølvhjelpte
- Oppretthalde fokus på konkrete og individuelle vurderingar i saksbehandlinga knytt til vedtak om økonomisk sosialhjelp, slik at nivået på KOSTRA-tala samanlikna med behovsjustert indeks blir oppretthalde
- Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving
- Oppretthalde fokus og satsing på Kvalifiseringsprogrammet
- Oppretthalde fokuset på vilkår om aktivitet (aktivitetsplikt) ved tildeling av økonomisk sosialhjelp
- Auka innsats for å betre overgang til arbeid for flyktningar
Kostra nøkkeltal 2021
Nøkkeltal | Enhet | Giske | Ulstein | Sula |
---|---|---|---|---|
Sosialhjelpstilfelle | Antal | 116 | 208 | 77 |
Antal sosialhjelpstilfelle 18-24år | Antal | 21 | 40 | 21 |
Sosialhjelpstilfelle med sosialhjelp i 6 mnd eller meir | Antal | 29 | 44 | 7 |
Arbeidsinntekt som hovudinntekt | Antal | 20 | 31 | 7 |
Sosialhjelpstilfelle med sosialhjelp som hovudinntekt | Antal | 30 | 60 | 19 |
Bur i eigd bustad | Antal | 16 | 18 | 6 |
Tal på barn i familiar som mottok sosialhjelp | Antal | 57 | 137 | 56 |
Styringskort og styringsindikator
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultatmål 2023 |
---|---|---|---|
Brukere | Auke tal brukarar som nyttar digitale tenester | Brukarar på sosialområdet som kan nytte digitale tenester skal nytte DIGISOS som plattform for søknader om sosialhjelp. | 90%, sidan ikkje alle brukarane er digitale |
Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving | Alle som melder behov skal få tilbod om bistand | 25 | |
Vurdere Kvalifiseringsprogrammet (KVP) for brukarane og tilby program til alle som fyller vilkåra | Giske kommune har i rammetilskotet fått budsjett til 7 brukararar i KVP | 7 | |
Sette vilkår om aktivitet ved tildeling av økonomisk sosialhjelp til brukarar under 30 år. | Følge intensjonen i Sosialtjenesteloven § 20 | 100% | |
Medarbeidere | En trygg og sikker arbeidsplass | NAV Giske sin Verksemdsplan | Systematisk HMS-arbeid |
Systematisk HMS-arbeid | NAV Giske sin HMS/IA plan | Følgje NAV Giske sin HMS/IA plan | |
God økonomistyring | Avvik i % av vedtatt netto driftsramme | Halde tildelt budsjett. Drift i balanse |